19 år gamle Yousra al-Azam og mannen ho var trulova var i Gaza by for å kjøpe brudekjole sist veke, nokre få dagar før brullaupet.
Den 19 år gamle studenten Yousra al-Azam vart drepen av Hamas-medlemer som utgav seg for å vere "moral-politi". (Foto: AFP/Scanpix)
Etter handleturen tok dei med seg mat og drikke og gjekk ned til ei badestrand i byen.
I bilen på veg heim frå stranda, der dei var saman med systra til Yuosra og mannen ho er trulova med, vart dei stansa av ein bil full av væpna og maskerte menn.
Dei fire var på veg tilbake til heimbyen Beit Lahoya.
Mennene byrja å skyte mot bilen. Etterpå opna dei dørene på bilen til dei to para, og byrja slå og sparke dei fire. Den komande bruda vart skoten og drepen, dei andre vart til dels hardt skadde.
Fleire menneske kom til og ville hjelpe dei fire ungdomane, men desse vart bryskt stansa av dei brutale mennene, som viste seg å tilhøyre den islamistiske organisasjonen Hamas.
Augevitne fortel at mennene sa at dei tilhøyrde ei avdeling av "moral-politi". Dei meinte at dei fire ungdomane hadde handla i strid med islamske morallover.
Familien til den 19 år gamle jent som vart drepen i angrepet, seier at ho ikkje hadde gjort noko som kunne ha vore i strid med islam.
To av angriparane er arresterte av palestinsk politi, dei tre andre er framleis på frifot.
Hendinga har ført til skarp kritikk av Hamas på Gazastripa, og organisasjonen har gått ut og sagt at angriparane ikkje handla på vegner av Hamas.
- Hamas har ikkje noko "moral-politi". Dette var ei uansvarleg handling som er i strid med politikken til Hamas, seier talsmannen Mushir al-Masri til BBC.
Han vedgår likevel at gjerningsmennene er medlemer av Hamas, og gjer eit poeng ut av dei handla som privatpersonar i denne saka.