NRK Meny
Normal

Kolera frå Haiti har nådd Florida

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kolerasmitte frå Haiti har no nådd turistområda i den amerikanske delstaten Florida.

Røde Kors deler ut reint vatn til folk i Haiti

Røde Kors deler ut reint vatn til folk i Haiti for å hindre spreiing av kolerasmitte.

Foto: HECTOR RETAMAL / Afp

Ei kvinne i Florida er smitta av kolera etter å ha besøkt det koleraråka Haiti.

Kvinna bur i Collier County på sør-kysten. Ho reiste for å besøke familien sin, som bur i Haiti, der 1000 personar er døde og 9000 er lagt inn på sjukehus etter kolerautbrotet.

Saker i fleire land

Ein koleraekspert i Florida meiner kvinna ikkje er i fare, skriv avisa The Miami Herald.

– Ho har det ganske bra, seier legen Thomas Torok ved Florida Deparment of Health's Bureau of Epidemiology.

Kvinna kom tilbake til Florida etter å ha besøkt Haiti i førre veke. Legen seier at andre smittesaker blir undersøkte i fleire andre land.

Ventar fleire smitta

Torok seier også at kvinna ikkje arbeider i tett kontakt med andre menneske, og at det derfor er liten sjanse for at ho skal spreie smitten.

Det er venta fleire tilfelle av kolera i Florida i tida som kjem.

241.000 menneske som bur i Florida, kjem opphavleg frå Haiti. Mange av dei reiser ofte fram og tilbake, skriv The Miami Herald.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt