Hopp til innhold

København vurderar cannabis-import frå USA

Politikarane i den danske hovudstaden med nye planar for å legalisere cannabis.

Hasj

Ifølgje forslaget skal det opprettast opptil 40 kommunale utsalsstadar for cannabis i København.

Foto: Johannessen, Sara, Sara Johannessen / SCANPIX

Debatten om legalisering av cannabis i København har versert i lang tid. No skal politikarane i København kommune for tredje gong ta stilling til eit forslag om legalisering.

Sosialborgarmeister Mikkel Warming er ein av pådrivarane for å legalisere hasj. Han meiner det vil føre til mindre kriminalitet og mindre pengar til dei kriminelle miljøa.

– Me forventar på den eine sida at ei legalisering vil føre til mindre kriminalitet og mindre pengar til bandane som i dag lever feitt av hasjsalet. For det andre reknar me med å kome i kontakt med fleire unge og få fjerna dei frå ein marknad der det også vert seld hardare stoff, seier Warming til avisa Information.

I dag vert sal av cannabis tillate i bydelen Christiania.

Import frå Colorado og Washington

Planane, som vil bli framsett på fredag, går langt i å skildre korleis ein by med lovleg hasjsal vil fungere. Borgarmeisteren ser for seg import frå statar i USA.

– Dersom me får vedteke ein prøveperiode på tre år, vil det vere viktig å jobbe så effektivt som mogleg, så me ser etter stadar å importere frå utlandet.

– Me ser på Colorado og Washington, men også stadar som Storbritannia, der det er statskontrollert produksjon av marijuana for medisinske årsaker, seier borgarmeisteren til The Copenhagen Post.

Under det amerikanske valet i november i fjor vart det lovleg med cannabissal i statane Washington og Colorado. Dermed vart det dei første i statane i USA som tillet sal av hasj utover medisinsk bruk.

– Det vil vere fornuftig av oss å lære av erfaringane deira og sjå på moglegheitene til å importere frå dei, seier Warming.

Må vere dansk statsborgar

Politikaren går med på at ein import kan bli utfordrande med tanke på internasjonal lovgjeving, men han peiker på at dei har liknande erfaring med import av heroin. Dette vert tilbode ved kommunale sprøyterom, trass i at produksjonen er ulovleg internasjonalt.

Politikarane i byen ønskjer å unngå å gå i same fella som Amsterdam, der «hasjturisme» har vore eit stort problem. Difor er det berre danske statsborgarar over 18 år som vil ha høve til å vere kundar dersom forslaget vert vedteke.

SISTE NYTT

Siste nytt