Det har vore harde kampar på vestkysten av Jemen dei siste dagane. Ein koalisjon av arabiske land har sett inn ein offensiv mot dei Iran-støtta Houthi-opprørarane som har kontrollert hamnebyen Hodeida sidan 2014. Koalisjonen støttar den internasjonalt godkjente regjeringa.
Fredag kom det meldingar om at koalisjonen no kontrollerer vegen inn mot flyplassen i Hodeida. Og at dei er i ferd med å kjempe seg mot hamna i byen.
– Vi står rett utanfor flyplassen, og jobbar med å sikre han. No er målet å unngå sivile dødsfall, sikre humanitær hjelp og presse Houthi-rørsla ut av byen, seier ein talsperson for koalisjonen til Reuters.
Naboane har merka intensiveringa i kampane fredag.
– Det har vore kraftige bombingar av Houthi-stillingar nær flyplassen i heile dag. Vi har opplevd dagar med frykt vi aldri har opplevd før, seier fiskehandlaren Ammar Ahmed til nyheitsbyrået.
Viktig by
22 millionar jemenittar er ifølge FN avhengige av matvarehjelp utanfrå. Rundt 70 prosent av hjelpa kjem med båtar til Hodeida. Hamnebyen er difor viktig for å kunne frakte humanitær hjelp inn til Jemen. Koalisjonen seier dei vil nedkjempe Houthi-opprørarane for å sikre at hjelpa kjem fram.
Samtidig fryktar FN og hjelpeorganisasjonar at kampane skal gjere det vanskelegare å få mat inn, og drive menneske på flukt. Dersom hjelpa ikkje kjem fram, fryktar FN 8,4 millionar jemenittar skal svelte.
- Les:
- Les:
Tryggingsrådet sa torsdag at dei var uroa på grunn av offensiven, og oppmoda partane til å oppfylle forpliktingane dei har etter internasjonal humanitær lov. Men dei avviste eit svensk forslag om å krevje stans i kampane og gi rom for nye forhandlingar.
Langvarige kampar
Den arabiske koalisjonen har kjempa mot Houthi-rørsla sidan 2015, men har hatt liten framgang. Opprørarane kontrollerer både hovudstaden Sanaa, hamnebyen Hodeida og store delar av dei busette områda i Jemen.
Nyheitsbyrået Associated Press skriv at over 10.000 menneske har mista livet i kampane dei siste tre åra, og over to millionar menneske er på flukt.
- Les:
- Les:
Dersom dei lukkast å ta Hodeida, vil det vere ein stor siger for koalisjonen. Samtidig er dei avhengige av å klare å ta byen utan å øydelegge hamna, slik at den humanitære hjelpa kan kome fram.
Organisasjonen Human Rights Watch bad fredag Tryggingsrådet i FN åtvare partane om at dei vil bli møtt med sanksjonar om hjelpesendingane ikkje kjem fram.