NRK Meny
Normal

Cameron: - Mystiske pakkar knytte til nordirsk terror

– Sju mystiske pakkar som er sende til rekrutteringssenter for den britiske hæren har tilknyting til terror i Nord-Irland, seier ein talsmann for statsminister David Cameron i kveld.

Bombeekspertar i aksjon i Brighton.

Bombeekspertar uskadeleggjorde ein mystisk pakke ved eit rekrutteringssenter i Brighton i ettermiddag.

Foto: GLYN KIRK / Afp

Fire mystiske pakkar kom til rekrutteringssenter i byane Oxford, Slough, Kent og Brighton i dag, medan tre andre vart sende til rekrutteringssenter i Aldershot, Reading og Chatham tidlegare denne veka.

– Kan vere farleg

David Cameron foran statsministerboligen i 10 Downing Street

Statsminister David Cameron knyt dei mystiske pakkane til nord-irsk terror.

Foto: TOBY MELVILLE / Reuters

David Cameron har i dag leidd eit møte i Cobra (Civil Contingencies Committee), ei krisegruppe der dei viktigaste tryggingsmedarbeidarane til statsministeren er med.

I fråsegna frå nr. 10 Downing Street i kveld heiter det at dei sju pakkane inneheldt eit stoff som kan vere farleg, og at innhaldet har alle kjenneteikna til å vere relatert til nord-irsk terrorisme. Alle pakkane er no uskadeleggjorde, heiter det.

Ein talsmann for antiterrorpolitiet i Søraust-England, Stan Gilmore, seier at det er lite truleg at nokon av pakkane kunne ha gjort stor skade.

Motstandarar av fredsprosessen

Utbrytargrupper frå IRA, Den irske republikanske hær, har fleire gonger gjennomført angrep i Nord-Irland dei siste åra. Det er likevel over ti år sidan det er gjennomført angrep i England. Desse gruppene har vore sterke motstandarar av fredsprosessen.

Inga gruppe har teke på seg ansvaret for å ha sendt pakkane til dei militære rekrutteringssentera.

LES OGSÅ: Mann pågrepet for over 30 år gammelt IRA-angrep

LES OGSÅ: Frykter terrorangrep under G8-møte

LES OGSÅ: Avskjed med Storbritannia

LES OGSÅ: – Britiske soldater drepte IRA-mistenkte i Nord-Irland

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt