Hopp til innhold

Knutby-pastoren dømd til livsvarig fengsel – kan bli sett fri om to år

Den tidlegare Knutby-pastoren Helge Fossmo, som vart dømd til livsvarig fengsel i 2004, kan vere ein fri mann om vel to år, seier forsvararen hans.

Her budde ekteparet Fossmo.

Det var i dette huset i Knutby Helge Fossmo budde saman med kona Alexandra Fossmo.

Foto: Björn Larsson Ask / Svd / Scanpix / NTB scanpix

Helge Fossmo, som no kallar seg Helge Iversen, har fleire gonger prøvd å få den svenske påtalemakta til å gjere om livstidsdommen til ei tidsbestemt straff. No har den svenske påtalemakta sett straffa til 28 år, medan forsvararen til Fossmo kravde 25 år.

Forsvarar Anton Strand seier til Aftonbladet at klienten hans kan vere ein fri mann om vel to år.

– Verbalt gåverik

Passbild för Helge Arnold Fossmo 710727-6359

Helge Fossmo, i dag Helge Iversen, kan bli ein fri mann igjen om vel to år.

Foto: Passregistret / Scanpix / NTB scanpix

I ei fråsegn frå påtalemakta heiter det blant anna at dei psykiatrisk sakkunnige ser på den tidlegare Knutby-pastoren som «ein verbalt gåverik person med evne til å skape entusiasme og å overtyde andre menneske».

Det heiter likevel at risikoen for at ha igjen skal utøve brotsverk, er liten.

Helge Fossmo, eller Helge Iversen i dag, vart 12. november 2004 dømd til fengsel på livstid for medverknad til eitt drap og to tilfelle av drapsforsøk. Han har no sona i 15 år og sju månader.

Drapet og drapsforsøka i Filadelfia-kyrkjelyden i Knutby er ei av dei mest omtalte kriminalsakene i Norden. Alexandre Fossmo, kona til den norskætta pastoren Helge Fossmo, vart funnen drepen 10. januar 2004. I tillegg var det drapsforsøk på Daniel Linde.

Tilbyr Knutby-pastoren jobb i Den svenske kirken

Knutby-pastoren etterforskes for å ha sendt trusselbrev

Bestillingsdrap

Fossmo vart dømd for å ha bestilt drapet på kona. Det var den tidlegare barnepassaren til familien, Sara Svensson, som tok livet av Alexandra Fossmo. Sara Svensson vart dømd til tvunge psykisk helsevern.

Så seint som i mai i år tok den svenske påtalemakta ut tiltale mot tre medlemer av den tidlegare frikyrkjelyden for mishandling og seksuell utnytting av åtte personar. Åsa Waldau, som gjekk under kallenamnet «Kristi brud», er blant dei tiltalte. Ho er tiltalt for fleire tilfelle av mishandling.

I tillegg til Waldau er to menn tiltalte. Den eine for å ha mishandla ein person, medan den andre er tiltalt for å seksuelt utnytta ei jente seint i tenåra som stod i eit tillitsforhold til han.

Knutby-pastoren gifter seg igjen

Kristi brud slo tilbake

- Hardere bibelsk miljø

SISTE NYTT

Siste nytt