Hopp til innhold

Knuste betongplater då kroppen trefte bakken

Mannen som søndag fall frå eit Kenya Airways-fly over London, landa under ein meter frå John Baldock og knuste plater av betong i hagen.

Skadar i hagen etter mann fall frå fly

KRAFTIG SAMANSTØYT: Mannen som fall frå om lag 1000 meter over bakken, knuste deler av bakken då kroppen trefte den vesle hageflekken i London.

Foto: SWNS / SWNS

Søndag ettermiddag blei politiet i London varsla om ein død mann i Offerton Road i bydelen Clapham sør i byen.

Ein person låg og sola seg i hagen og unngjekk så vidt det var den frosne kroppen som fall frå eit fly om lag 1000 meter over bakken.

Det var truleg då landingshjula vart tekne ut frå flyet, ein Boeing 787, at blindpassasjeren fall ut. Det er uklart om han då alt var død, eller om han døydde i fallet.

Nå har personen som låg i hagen, blitt avslørt som John Baldock. Han leigar hos kollegaen Bob Renwick som eig eigedommen, skriv Daily Mail.

Blokka der mannen blei funnen

STADEN: I den vesle hagen utanfor ei av desse leilegheitene trefte mannen bakken.

Foto: SWNS / SWNS

Tidlegare tysdag skreiv NRK at ein av naboane fortalde at den frosne mannen landa berre ein meter frå der Baldock låg og sola seg i hagen. Naboen høyrde eit kraftig smell, og då han kikka ut av vindauget såg han mannen liggande i ein blodpøl i nabohagen.

Kroppen knuste betongplater

Bilda av der mannen trefte bakken, har nå komme ut. Dei viser at mannen har treft bakken med stor kraft.

Mannen sneia tilsynelatande ein liten hekk i hagen og landa på to plater av betong og ein del av kunstgraset i hagen.

På bilda kan ein sjå at ei av platene er knust, nærmast pulverisert, den andre har fått store skadar. Ein kan òg sjå at kunstgraset har fått seg eit stort søkk der kroppen har treft.

Knuste plater

STOR KRAFT: Betongplata klarte ikkje å stå imot då kroppen til mannen trefte bakken og gjekk i oppløysing.

Foto: SWNS / SWNS

Norsk 17-åring i hjulbrønn

Sjølv om det ikkje er vanleg at flypassasjerar dett frå himmelen, har det skjedd tidlegare.

Vanlegvis pleier folk som gøymer seg under flyet, fryse i hel når flyet stig til marshjøgde. Temperaturen kan komme ned i minus 56 gradar celsius ved desse høgdene.

Blindpassasjerar kan også døy av mangel på oksygen eller falle frå flyet når det tar ut hjula for å lande.

I Noreg har vi ikkje tidlegare sett at folk fell ut frå fly, men i 2014 fann politiet i Nederland ein 17 år gammal gut frå Larvik i hjulbrunnen på eit KLM-fly. Guten var død då han blei oppdaga.

SISTE NYTT

Siste nytt