Rapport skuldar Egypts politi for drap på over 800 demonstrantar

Ein kommisjon sett ned av Egypts nye president Mohamed Morsi gir politiet heile skulda for drapa på over 800 demonstrantar under opprøret mot Hosni Mubarak.

Over 800 demonstrantar vart drepne under opprøret mot Hosni Mubarak.

Ein rapport gir egyptisk politi ansvaret for at over 800 demonstrantar vart drepne under opprøret mot Hosni Mubarak. Her frå Tahrirplassen i Kairo, senteret for opprøret.

Foto: Ben Curtis / Ap

Nyheitsbyrået AP har sett delar av de hemmelege rapporten, og kallar konklusjonen ein knusande dom over det egyptiske politiet. Ifølgje rapporten hadde politiet plassert ut skarpskyttarar på hustaka over Tahrirplassen, som skaut mot demonstrantane nede på plassen.

Hosni Mubarak

Tidlegare president Hosni Mubarak skal møte for retten igjen i april.

Det heiter vidare i rapporten at drapa på demonstrantane aldri kunne ha skjedd om dei ikkje var godkjende av tryggingssjefen til Hosni Mubarak, tidlegare innanriksminister Habib el-Adli. Også Hosni Mubarak må ha kjent til det som skjedde, meiner kommisjonen bak rapporten.

Ny Mubarak-rettssak

Det er venta at rapporten vil få ei avgjerande betydning for nye rettssaka mot Hosni Mubarak, Habib el-Adli og seks politisjefar.

Lekkasjen frå rapporten kjem i ei vanskeleg tid for egyptisk politi. Mange egyptarar har eit vanskeleg forhold til politiet etter oppstanden mot Mubarak, og det er også indre uro. Delar av politiet er i streik, og sjefen, noverande innanriksminister Mohammed Ibrahim, er sterkt pressa frå fleire hald.

Partiet til president Mohamed Morsi, Den islamske brorskapen, truar med å danne «folkelege komitear» for å fylle det dei kallar eit tryggingsvakum som følgje av streiken.

Tåregass mot demonstranter i Kairo

Opprøret mot Hosni Mubarak starta i januar 2011 med daglege demonstrasjonar på Tahrirplassen.

Foto: AMR ABDALLAH DALSH / Reuters

Andre delar av politiet protesterer mot det dei meiner er eit forsøk på islamistane i Den muslimske brorskapen å ta kontroll over politistyrken. Brorskapen avviser skuldingane, men innanriksdepartementet har fleire gonger gitt politiet skulda for drapa under opprøret mot Mubarak.

LES OGSÅ: – Mubaraks helse forverret

LES OGSÅ: Egypt som regional stormakt

Livsvarig fengsel

Den tidlegare politisjefen og innanriksministeren Habib el-Adli, som var den nest mektigaste i Egypt etter Mubarak, vart dømd til livsvarig fengsel i juni 2012 for ikkje ha prøvd å hindre drapa på over 800 demonstrantar.

Dei seks politisjefane som var tiltalte i saka vart frikjende, men må møte i ei ny rettssak saman med Mubarak og el-Adli i løpet av april. Blant desse seks er tryggingssjefen i Kairo og sjefen for opprørspolitiet.

President Mohamed Morsi har gjort det til ei prioritert oppgåve å gi rettferd til offera for revolusjonen, blant anna ved å ha organisert det slik familiane til dei som vart drepne får statleg pensjon og erstatning.

LES OGSÅ: Broder eller president Morsi?

Grundig rapport

Morsy tas i ed i Egypt

President Mohamed Morsi tok initiativ til kommisjonen som har granska politiet si rolle under opprøret.

Foto: Ap

Det er 16 medlemer i kommisjonen som står bak rapporten er menneskerettsaktivistar, juristar, dommarar og ein medlem frå den militære påtalemakta. Kommisjonen har gjort rundt 400 intervju av politifolk og augevitne.

Det var altså president Mohamed Morsi som sette ned kommisjonen. Det er uklart om alle medlemene i kommisjonen er støttespelarar til Morsi, eller om det også er representantar for opposisjonen med.

AP melder at rapporten er svært detaljert. Det er blant anna teke med politiloggar der det står kven av politifolka som vart utstyrte med automatvåpen.

– Berre innanriksministeren kunne gi løyve til å bruke slike våpen, som i sin tur måtte informere president Mubarak, heiter det i rapporten.

LES OGSÅ: Mubaraks sønner for retten igjen

LES OGSÅ: Egypt som regional stormakt

Eliteavdeling

Habib al Adli

Egypts tidlegare innanriksminister og politisjef Habib el-Adli.

Foto: FETHI BELAID / Afp

Kjelder i politiet skal ha sagt til kommisjonen at berre ei spesiell antiterroravdeling i politiet hadde tilgang til våpna som vart brukte. Denne eliteavdelinga skal ha vore under direkte kommando av innanriksministeren.

Til saman 845 demonstrantar vart drepne under oppstanden mot Mubarak. Dei aller fleste i Kairo, men også 71 demonstrantar i Alexandria, 13 i Beni Suef-provinsen sør for Kairo og 19 i det nordlege Sinai.

26 politifolk vart drepne i same perioden.

Hosni Mubarak har sagt at han ikkje kjende til kva som skjedde på Tahrirplassen under opprøret, men hans nestkommanderande el-Adli skal ha sagt i avhøyr at Mubarak vart halden informert om hendingane der heile tida.

SISTE NYTT

Siste nytt

Unntakstilstand i Minneapolis: Demonstranter har satt fyr politistasjon

Guvernøren i Minnesota har erklært unntakstilstand etter den tredje dagen med voldsomme demonstrasjoner i kjølvannet av dødsfallet til George Floyd. Politiet har blitt tvunget til å evakuere politistasjonen i Floyds nabolag.

Trump skuldar Twitter for politisk aktivisme

President Donald Trump har signert ein presidentordre som kan føre til strengare lovregulering av sosiale medium. Han skuldar Twitter for politisk aktivisme.