NRK Meny
Normal

Knivstakk homofile på ny - etter ti år i fengsel

Ein ultraortodoks jøde vart dømd til ti år i fengsel i 2005 for å knivstikke tre deltakarar i homoparaden i Jerusalem. Han slapp nyleg ut av fengsel, og i dag slo han til igjen.

En israelsk gjerningsmann knivstakk seks deltakere i homoparaden i Vest-Jerusalem. To av ofrene er alvorlig skadd.

Sjå video frå åstaden der ein ultraortodoks jøde stakk seks menneske med kniv.

APTOPIX Mideast Israel Gay Parade Attacking

Her går mannen til angrep på deltakarar i homoparaden. Han klarte å stikke minst seks personar før han vart stansa.

Foto: Sebastian Scheiner / Ap

Minst seks personar er stukne med kniv av mannen, som nettopp slapp ut av fengsel etter ti år bak murane. Han var i fengsel for å ha knivstukke tre personar i homoparaden i Jerusalem i 2005, og no har han gjort det på ny. Det er israelsk politi som seier til BBC at det er same person.

Gjerningsmannen er no teken hand om av politiet. Alle dei skadde var rundt 30 år, og deltok i paraden.

Paraden i Jerusalem har lenge vore gjenstand for kontroversar. Ortodokse jødar meiner at det er gale å vise fram homoseksualitet i det offentlege rom, og dei er sterkt imot at det vert halde eit slikt arrangement i Jerusalem. Motstandarane av paraden er til stades kvart år.

Mideast Israel Gay Parade Attacking

Den ultraortodokse jøden er no arrestert på ny, berre kort tid etter at han slapp ut av fengsel for å ha sona ti år for å ha stukke homofile med kniv i 2005.

Foto: Sebastian Scheiner / Ap

Mykje politi

Det var venta rundt 5.000 deltakarar til homoparaden i Jerusalem i dag. Store mengder politi var møtte fram, og mange frivillige hadde også møtt opp for å prøve å bidra til at paraden kan gå føre seg utan problem.

Ei gruppe på rundt 30 demonstrantar hadde fått lov til å vise sin motstand av politiet. Det er ikkje kjent om det er ein av desse som knivstakk offera.

Sjølv om seks stykk vart knivstukne, så haldt paraden fram etterpå. To av dei stukne er alvorleg skadde, skriv Haaretz. Dei skadde fekk først hjelp av medisinsk personell på staden, og deretter frakta til tre ulike sjukehus.

– I den israelske stat så er individets valfridom ein grunnleggjande verdi. Me må sikre oss at Israel, alle menn og kvinner, får leve trygt og slik dei sjølv ønskjer. Det er slik me opptredde i fortida, og det er slik me skal halde fram med å ha det. Eg håper dei skadde vert friske att snart, seier statsminister Benjamin Netanyahu i ei pressemelding, ifølgje Haaretz.

Mann skadd i Jerusalem

Ein mann er skadd etter angrepet i Jerusalem.

Foto: Mori Rothman-Zecher / @Moriel_RZ

Homovennlege Israel

Israel er det landet i Midtausten som er mest liberale når det kjem til rettane til homofile, lesbiske, bifile og transpersonar. Sex mellom to av same kjønn vart legalisert i 1988, og Israel var det første landet i Asia til å tillate likekjønna partnarskap.

Homofile kan også tenestegjere i den israelske hæren, og meiningsmålingar viser at eit fleirtal av folket i Israel er positive til likekjønna ekteskap.

Tel Aviv er også eit velkjent reisemål for mange homofile, og den største homoparaden i Israel vert arrangert her. I Jerusalem er homofili meir omstridd.

For det er sterke religiøse krefter i landet som er negative, mellom anna grupper med ultraortodokse jødar.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt