Hopp til innhold

Knivangrep mot politi i Stockholm

Ein politimann er knivstukken i nakken ved Medborgarplatsen i Stockholm i formiddag. Ein person blei kort tid etterpå pågripen mistenkt for drapsforsøk.

Politi knivstukket i Sverige

Politiet har stengd av eit større område i Stockholm etter at ein politimann blei knivstukken då han var på jobb. Ein person er pågripen etter hendinga, mistenkt for drapsforsøk.

Foto: Fredrik Sandberg/TT / NTB scanpix

Politiet i Stockholm fekk melding like etter klokka 10.30 om at ein politimann var stukken med kniv. Han var på patrulje ved Medborgarplatsen på Södermalm i Stockholm då angrepet skjedde. Knivstikkinga skal ha skjedd heilt uprovosert, melder Aftonbladet.

Politiet i Stockholm har sendt ut ei pressemelding der dei stadfestar at ein politimann er knivstukken, men skadane skal ikkje vere livstrugande. Politiet melder også dei har arrestert ein person som er mistenkt for drapsforsøk.

Uprovosert angrep

Vitne seier til Aftonbladet at gjerningsmannen sneik seg opp bak politimannen, og hogg han uprovosert i nakken. Ein kollega av politimannen sprang etter personen som stakk, og arresterte den mistenkte.

Politiet har no stengt av store delar av Medborgarplatsen, t-banen og ein barnehage med rundt 70 barn, melder Expressen.

Politi knivstukken i Stockholm

Politiet etterforskar knivstikkinga i Stockholm, som skjedde like ved nedgangen til t-banen på Medborgarplatsen på Södermalm.

Foto: Fredrik Sandberg/TT / NTB scanpix

Passa på demonstrasjon

Den siste tida har det vore ein demonstrasjon på trappa til Medborgarhuset på Medborgarplatsen. Ifølge Aftonbladet var politiet på plassen for å passe på at dei som demonstrerte var trygge.

– Vi veit ikkje kva som har skjedd, men eg håper politimannen klarer seg, seier Fatemeh Khavari, som er talsperson for Ung i Sverige, som arrangerer demonstrasjonen, til Aftonbladet.

SISTE NYTT

Siste nytt