Sky Italia viser til delresultat som viser at Prodi-alliansen har vunne minst fire av dei seks plassane i Senatet som blir valde av italienarar busette i utlandet.
Dersom dette er rett vil Prodi-alliansen få 158 plassar i Senatet, mot 156 for Silvio Berlusconis Forza Italia-blokk.
Tilhengjarar av Romano Prodi-alliansen jubla i gatene i Roma i natt. (Foto: Reuters/Scanpix)
Frå før er det klart at Romano Prodi si blokk truleg vil få eit knapt fleirtal i underhuset i nasjonalforsamlinga.
Eksil-italienarar
Omlag tre millionar italienarar utenfor Italia hadde stemmerett. I Noreg bur 1.500 av dei, flest i Oslo-området og i dei andre store byane.
Nettsidene til det italienske utanriksdepartementet melder at vel 52 prosent av dei har røysta.
Flest eksil-italienere bur det i Argentina, der det oppheld seg rundt 400.000.
Dei utanlandsboende har valt representanter både til underhuset og Senatet. Også kandidatane må bu utanfor Italia. Ingen av dei som var på val, bur i Noreg eller dei andre skandinaviske landa.
Prodi-sida fekk flest utanlandsrepresentantane til Underhuset.
Av dei seks til Senatet som ser ut til å avgjere valet, kjem to fra Europa, som er ein valgkrets, to frå Sør-Amerika, ein frå Nord- og Sentral-Amerika og ein frå Afrika, Oceania og Asia.
Dei utenlandske valkrinsane som hadde over 2 millionar røysteføre, har to representanter kvar.
Nokre av dei valde høyrer til dei to konkurrerande sidene, andre er politisk uavhengige.
Rekordjamt
Om Sky Italia har rett, vil Romano Prodi overta som statsminister i Italia etter Silvio Berlusconi. Men same kva som skjer, resultatet blir rekordjamnt.
Silvio Berlusconi har ikkje kommentert dei resultata som ligg føre.
Det er ikkje venta at det endelege valresultatet vil vere klart før i løpet av ettermiddagen.
Om det viser seg at Prodi får fleirtal i begge kammera i nasjonalforsamlinga, blir det truleg ikkje noko problem.
Skulle det vise seg at Prodi og Berlusconi ville fått fleirtal i kvart sitt kammer, så kunne det blitt ein vanskeleg politisk situasjon i Italia.
Den italienske grunnlova slår fast at alle lover må ha fleirtal i begge kammer, noko som kan bli vanskeleg dersom det er ulikt fleirtal.
Det blir rekna som usannsynleg med ein italiensk storkoalisjon etter tysk modell.