Hopp til innhold

Knapt fleirtal for kypriotisk regjeringsparti

Eit rekordlågt oppmøte prega dagens parlamentsval på Kypros – eit val som kan vere viktig for fredsprosessen på den delte øya.

CYPRUS-POLITICS-VOTE-PARLIAMENT

Det regjerande høgrepartiet Democratic Rally (DISY) leiar med eit forventa resultat på mellom 29,5 og 32,5 prosent av stemmene, følgt av kommunistiske AKEL. Her avgir president Nikos Anastasiades si stemme.

Foto: STAVROS IOANNIDES / Afp

Sjølv om det regjerande partiet ifølge valdalgsmålinga kjem ut med flest stemmer, vitnar tala om eit splitta parlament, og ei moglegheit for at eit høgreekstremt parti får innpass i nasjonalforsamlinga for første gong.

Valdagsmålinga, basert på 70 prosent av stemmene, viser at så mange som åtte parti, inkludert det høgreradikale ELAM-partiet, kan kome til å dele dei 56 seta i parlamentet på den greske sida av øya.

Trass i stemmeplikt var valdeltakinga rekordlåg ved dagens val på Kypros, ei øy der innbyggarane er desillusjonerte etter år med økonomisk krise. Rundt 67 prosent av dei 543.000 registrerte veljarane stemte.

Viktig test for presidenten

Sjølv om presidenten blir valt separat, blir valet sett på som ei popularitetsmåling for president Nikos Anastasiades, og ein kritisk test for fredsforhandlingane på øya som har vore delt sidan 1974. Då starta det som blir omtala som Europas eldste frosne konflikt. Tyrkiske styrker invaderte den nordlege delen av øya etter eit Aten-støtta kupp som forsøkte å foreine Kypros med Hellas.

CYPRUS-TURKEY-RELIGION-EPIPHANY

Ein gresk-ortodoks kypriot held eit ikon i feiringa av den tradisjonelle 'Velsigning av sjøen'-seremonien i samband med Heilage tre kongars dag i den avstengde turistbyen Varosha. Byen var tidlegare ein populær badeby, men har blitt til ein spøkelsesby etter delinga av øya, då innbyggarane måtte flykte. 200.000 gresk-kypriotar måtte flytte frå den nordlege delen av øya etter den tyrkiske invasjonen.

Foto: IAKOVOS HATZISTAVROU / Afp

Det var Anastasiades si høgreregjering som forhandla fram ei hjelpepakke frå EU og Det internasjonale pengefondet i 2013 då landet var på randa av konkurs. Ei rekke korrupsjonsskandalar har spreidd sinne og frustrasjon blant innbyggarane på øya.

Landet blei økonomisk friskmeldt i mars, og økonomien er venta å vekse med 2,2 prosentpoeng i år, skriv Washington Post. Dei kan med det skryte av den høgste vekstraten blant landa i eurosona.

– Dette er ein viktig test for regjeringa etter den økonomiske krisa. I løpet av dei siste månadene har det vore uro for at samtalane har avtatt. Dette valet er avgjerande for forhandlingane og moglegheitene for ei løysing, seier James Ker-Lindsay frå London School of Economics til The Guardian.

Ker-Lindsay seier at om presidenten sitt parti gjer det bra, er han i ein mykje sterkare posisjon i fredsforhandlingane.

Håp om gjenforeining innan året er omme

Etter fleire mislukka forsøk blei fredsforhandlingane gjenopptekne i fjor, i regi av FN, med tidlegare norsk utanriksminister Espen Barth Eide i spissen. Anastasiades og hans tyrkisk-kypriotiske motpart Mustafa Akinci har uttrykt håp om å nå ei løysing innan året er omme.

Cyprus Price Of Peace Espen Barth Eide, Mustafa Akinci, Nicos Anastasiades,

Den tyrkisk-kypriotiske leiaren Mustafa Akinci og gresk-kypriotiske Nikos Anastiades saman med Espen Barth Eide, som leiar forhandlingane mellom dei to partane på vegner av FN. Etter at Akinci fekk makta i det tyrkiskkontrollerte nord har dei to møttest til samtalar jamleg. Biletet er teke for eit år sidan, etter ein middag i den FN-kontrollerte sona som deler hovudstaden Nicosia.

Foto: Petros Karadjias / Ap

Det er likevel fleire betente saker som står att før ei eventuell gjenforeining, både når det gjeld maktfordeling mellom det gresk-kypriotiske fleirtalet og det tyrkisk-kypriotiske mindretalet, eigedomsrettar og tilbaketrekking av tyrkiske troppar i nord.

Situasjonen på Kypros har også vore ein av kjeppane i hjula for tyrkisk EU-medlemskap. Medan den greske delen av øya er medlem av unionen, er den tyrkiske delen som omtalar seg sjølv som "Republikken Nord-Kypros" berre anerkjent av Tyrkia.

APTOPIX Europe Cyprus Migrants

Konflikten på Kypros blir kalla Europas eldste frosne konflikt. Det kan vere fredsprosessen dei snakkar om, desse to mennene på ein benk nær Ledras-grenseovergangen i den delte hovudstaden Nicosia (april 2016).

Foto: Petros Karadjias / Ap

SISTE NYTT

Siste nytt