Knapp valsiger til venstresida på Island

Partia frå sentrum-venstre på Island fekk knappast mogleg fleirtal i parlamentsvalet på Island. Men det konservative partiet til statsministeren blei det største partiet.

ICELAND-POLITICS-VOTE

Katrin Jakobsdottir leiar dei venstre-grøne på Island. Saman med sosialdemokratane og sentrumspartia har dei vunne eit knapt fleirtal i parlamentsvalet. Men det er framleis usikkert om dei blir samde om eit regjeringssamarbeid.

Foto: HALLDOR KOLBEINS / AFP

Dei endelege resultata av parlamentsvalet på Island viser at det framleis er usikkert kva regjering landet kjem til å få.

Det konservative partiet til statsminister Bjarni Benediktsson blei det største partiet med ei oppslutning på 25 prosent. Medan Venstre-dei grøne-rørsla blei nest størst med om lag 17 prosent, ifølge Iceland Monitor.

Ein koalisjon av dei Venstre-grøne saman med Sosialdemokratane, Piratpartiet og Framstegspartiet, som svarar til Senterpartiet i Noreg, får eit knappast mogleg fleirtal med 32 av dei 63 plassane i Alltinget.

Framleis usikkert

Men det er ikkje sikkert det blir ein venstre-sentrum koalisjon. Dersom Framstegspartiet i staden vil gå mot høgre, og danne ein koalisjon med statsminister Bjarni Benediktsson, må dei også alliere seg med det nye partiet til tidlegare statsminister Sigmundur Davíd Gunnlaugsson og det populistiske Gjenreisingspartiet.

– Her sit Framstegspartiet på nøkkelen, og på Island handlar det like mykje om personar som politikk. Og ii åra med kriser og konflikt, har det skapt spenningar som pregar korleis ei regjering kan bli sett saman, seier sosialøkonom Svein Harald Øygard.

Sigmundur David Gunnlaugsson

Sigmundur Davíd Gunnlaugsson gjekk av som statsminister då det blei kjent at han og kona eigde selskap i skatteparadis. Rett før nyvalet starta han eit nytt parti, som fekk over ti prosent av stemmene og sju mandat i Alltinget.

Foto: SIGTRYGGUR JOHANNSSON / Reuters

I 2009 blei han henta inn for å vere midlertidig sentralbanksjef på Island etter finanskrisa.

Politiske skandalar

Grunnen til at det blei skrive ut val for eitt år sidan, var at dei såkalla Panama Papers avslørte at dåverande statsminister Sigmundur Davíd Gunnlaugsson og kona eigde selskap i skatteparadis.

Islands statsminister Bjarni Benediktsson sammen med sin far under valgnatten 29. oktober 2016

Den islandske statsministeren Bjarni Benediktsson saman med faren Benedikt Sveinsson. Han utløyste regjeringskrise på Island i september, då det blei kjent at han hadde skrive brev for å reinvaske ein venn for overgrepsskuldingar.

Foto: Frank Augstein / AP

Etter valet i fjor, danna Bjarni Benediktsson ei koalisjonsregjering. Men i september trekte eitt av koalisjonspartia frå samarbeidet. Grunnen var at det blei gjort forsøk på å halde det hemmeleg at faren til statsministeren hadde skrive eit brev for å reinvaske ein venn for overgrepsskuldingar. Difor blei det nyval på Island no.

SISTE NYTT

Siste nytt