Hopp til innhold

Klitsjko ikkje presidentkandidat

Den tidlegare tungvektsmeisteren i boksing Vitalij Klitsjko kjem ikkje til å delta i det komande presidentvalet i Ukraina.

Vitali Klitsjko

Vitalij Klitsjko vil ikkje stille i presidentvalet i Ukraina 25. mai.

Foto: Sergei Chuzavkov / Ap

Klitsjko var ein av dei mest markante og aktive opposisjonspolitikarane under revolusjonen i Ukraina tidlegare i år. Det var venta at han kom til å stille som presidentkandidat, slik at avgjerda om ikkje å stille kom overraskande.

Petro Porosjenko er presidentkandidat i Ukraina.

Vitalij Klitsjko stiller seg bak Petro Porosjenko (biletet) i presidentvalet 25. mai.

Foto: Christophe Ena / Ap

Klitsjko stiller seg no bak milliardæren Petro Porosjenko (48), også kalla Sjokoladekongen, sitt kandidatur. Han varsla i går kveld at han stiller som kandidat til presidentvalet 25. mai.

– Har sterkast støtte

– Vi må samle oss om ein kandidat som skal representere dei demokratiske kreftene. Dette må vere kandidaten med sterkast folkeleg støtte. I dag er det etter mi meining Petro Porosjenko, sa Klitsjko i ein tale til partiet sitt UDAR i dag.

Porosjenko har tidlegare vore utanriksminister i Ukraina, men han er mest kjend for sin eventyrlege suksess i næringslivet. Han har tent seg styrtrik på ei kjede av sjokoladefabrikkar, og han blir rekna som ein av dei store oligarkane i landet.

Porosjenko var til stades på møtet i UDAR i dag, og partikongressen skal seinare i dag røyste over om partiet skal stille seg bak den tidlegare utanriksministeren.

Vil bli borgarmeister i Kiev

Det er venta at tidlegare statsminister Julia Timosjenko også vil stille Klitsjko stiller seg no bak milliardæren Petro Potrosjenko, også kalla Sjokoladekongen, sitt kandidatur. Han varsla i går kveld at han stiller som kandidat til presidentvalet .

Vitalij Klitsjko sa på møtet i UDAR i dag at han vil stille som kandidat til valet på borgarmeister i hovudstaden Kiev, eit val som blir halde saman med presidentvalet 25. mai.

LES OGSÅ: - Vi vil ikkje invadere Ukraina

LES OGSÅ: – De hadde en ærlig og direkte samtale

LES OGSÅ: Norske observatører skal følge med på valget i Ukraina

LES OGSÅ: Historiene Kreml ikke forteller

Saka blir oppdatert

SISTE NYTT

Siste nytt