- Janukovitsj villig til å diskutere nyval

Den ukrainske opposisjonsleiaren Vitalij Klitsjko seier at det er håp om å få til eit vegkart for å få slutt på valden i Kiev. Presidenten skal vere villig til å diskutere nyval.

Demonstrant skyt stein med sprettert i Kiev.

Demonstrantane tek i bruk mange metodar for å ramma tryggingsstyrkane, blant anna sprettert.

Foto: DMITRY SEREBRYAKOV / Afp
Bent Tanstad
Journalist

Statsministeren i Polen, Donald Tusk, seier at dei tre utanriksministrane frå EU som er i Kiev, arbeider på eit dokument som gir håp om ein slutt på valdsbruken. Polens utanriksminister Radoslaw Sikorski representerer EU i Kiev saman med sine tyske og franske kollegaer, Frank-Walter Steinmeier og Laurent Fabius.

Vitaly Klitsjko

Opposisjonsleiaren Vitalij Klitsjko har håp om at det kan bli semje om eit vegkart for å få slutt på valden.

Foto: DAVID MDZINARISHVILI / NTB Scanpix

Forhandlingane er vanskelege, men det skal vere gjort framsteg. Det er lite truleg det blir ein avtale i løpet av kvelden, seier Laurent Fabius i kveld. Det blir eit nytt møte med Janukovitsj i løpet av kvelden. Den polske utanriksministeren seier at viktige spørsmål enno ikkje er løyste.

– Vanskelege forhandlingar

Tusk seier til nyheitsbyrået Reuters at Ukrainas president Viktor Janukovitsj er viljug til å diskutere med EU-ministrane eit forslag om at det skal haldast nyval i landet i løpet av året.

Utanriksministrane frå Tyskland, Frankrike og Polen møtte i dag ein hardt pressa Janukovitsj i Kiev, samstundes som gatekampane raste i sentrumsgatene. både Noreg og EU har vedteke å innføre sanksjonar mot Ukraina, spesielt retta mot enkeltpersonar i maktapparatet.

Opposisjonsleiaren Vitalij Klitsjko seier i ein kommentar at det ikkje ligg føre noko resultat av forhandlingane enno, men at det er håp om å kome fram til eit vegkart i løpet av kvelden.

Polens statsminister Donald Tusk.

Polens statsminister Donald Tusk meiner eit forslag frå EU kan få slutt på valdshandlingane i Ukraina.

Foto: BEN GURR / Afp

– Dei tre ministrane er i Kiev, der dei diskuterer eit dokument, som gir håp om at det kan bli slutt på valdsbruken. Janukovtisj er viljug til å diskutere eit nyval på både president og parlament i løpet av året, seier Donald Tusk.

Det at Janukovitsj skal trekkje seg og utlysing av nyval har vore dei viktigaste krava frå opposisjonen i Kiev.

Mange drepne i dag

Det er i kveld uvisst kor mange som er drepne i gatekampane i Kiev i dag. Styresmaktene i Kiev seier at 67 menneske er drepne sidan tysdag, medan helsearbeidarar i opposisjonen seier at minst 60 demonstrantar har mist livet berre i dag, dei fleste av dei av skotskadar. Andre kjelder har sagt at over 100 har mist livet i dag.

Helsedepartementet opplyser at 13 politimenn er drepne sidan tysdag, og at tre av dei er drepne i dag.

Felles appell

Russlands president Vladimir Putin har i kveld snakka med Tysklands forbundskanslar Angela Merkel og Storbritannias statsminister David Cameron om krisa i Ukraina. Ifølgje pressetenesta i Kreml sa Putin er dei tre samde om ein appell om at Ukraina må finne ei fredeleg, politisk løysing på konflikten i landet.

Den russiske presidenten meiner at ekstremistar og terroristar er ansvarlege for blodbadet i nabolandet.

Steinfeld direkte i Dagsrevyen 21

KIEV: Hans-Wilhelm Steinfeld rapporterer

Saka blir oppdatert

LES OGSÅ: Reiser hjem til Ukraina for å hjelpe: – Jeg er sint

LES OGSÅ: - Verste blodbadet i Kiev sidan andre verdskrigen

LES OGSÅ: Desperat EU-diplomati etter blodbad i Kiev

LES OGSÅ: – De har langt flere å sørge over nå

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt