NRK Meny
Normal

Klima er årets ord i 2007

Trass i krigen i Irak, spenninga rundt atomprogrammet til Iran, regimeskifte i Storbritannia og Frankrike, og snart i Russland og USA - det er klima som er den store gjengangaren i dei internasjonale forholda, skriv NRKs utenriksredaktør Gunnar Myklebust.

Storm
Foto: Urca HUMAITA / AFP

 

Kommentar: Gunnar Myklebust
Foto: NRK

Klima. Klimaendring. Klimagassar. Klimakakatastrofar. Klimatiltak.

Det er nesten underleg korleis kloden har vakna dette året. Korleis kunnskapen og kompetansenivået i løpet av kort tid er kraftig heva både blant dei som styrer oss og alle oss andre.

Korleis klimaendring er blitt samtaleemne i sosiale samkome og overordna politisk faktor i politikken. Korleis CO2-utslepp og drivhuseffekt er blitt normaluttrykk for skoleelevar. Korleis folk rettar kritiske blikk på eige bilbruk og innetemperatur.

- Verda har vakna

Kor mange av oss kan ærleg seie at vi hadde hørt om FNs klimapanel for eitt år sidan? Fire rapportar frå panelet har vore avgjørande for den vekkinga som har gått over verda, og dramaet på møtet i Bali i forrige veke uttrykk for det engasjementet som har spreidd seg til alle verdshjørne. 

Bali kan kome til å stå som eit vendepunkt i internasjonal politikk. Der dei rike landa tidlegare nærast bare gjorde opp seg imellom og så dikterte resultata til resten av verda, var det nå dei fattige landa som plutseleg sette dagsorden.

Der USA rekna med at det som vanleg kunne styre ved å blokkere og sabotere, var det ulanda som tok føringa og ba supermakta om å kome seg ut or vegen om den ikkje ville vere med på ferda.

Audmjuka og isolert valte utsendingane til Bush å henge med.

Men det gjekk ikkje mange timane før administrasjonen i Washington var på banen og la inn eitkvart tenkeleg forbehold til klimakompromisset på Bali.

Bali

- Bali-konferansen kan kome til å stå som eit vendepunkt i internasjonal politikk, skriv Gunnar Myklebust.

Foto: JEWEL SAMAD / AFP

Rolla som bremsekloss var gjeninntatt. Bali skal vere ein parentes. Meldinga frå president Bush er at han ser utfordringane ved den globale oppvarminga, men vil kjøre sitt eige klimaløp heilt utanfor FN-paraplyen.

Og i grell kontrast til kompromisset på Bali: For eit par dagar sidan erklærte presidenten forsøket til delstaten California på å minske utsleppa i biltrafikken med 30 prosent dei neste ti åra, som ulovleg. Eit slag i andletet også til alle dei andre delstatane og lokalsamfunna i USA som jobbar aktivt og radikalt mot klimagassutsleppa. 

- Kloden ikkje berga

Likevel ligg Balivedtaket der, og USA blir nøkkelspelaren når den neste klimaavtalen nå skal utformast. Få, om noen, andre vil ta på seg plikter eller love noe som helst så lenge dei ikkje veit kva USA vil gjøre. Og det får vi kanskje ikkje vite før det er ein ny president i Det kvite hus i januar 2009.

Han eller ho vil få eit tungt ansvar for å få til ein avtale på møtet i Københamn bare få månader seinare. Og, er det sagt, må vise eit engasjement på linje med det Bush viser i den såkalla krigen mot terroren. Ingen presidentkandidat er i nærleiken av det i dag, og klima er knapt noe tema i valkampen. 

Kloden er altså ikkje berga ennå.

Det er nå slitet tar til. På Bali brukte utsendingane sju timar på å krangle om det i teksten frå møtet skulle stå at fattige land skal "handle" eller "bidra" i kampen mot klimaendringane. Nå skal dei fordele ulemper og pålegge seg konkrete plikter.

Målet til dei 190 landa frå Bali er å greie det på to år. Det blir tidenes diplomatiske utfordring.

Pessimistane trur ikkje på Københamn og reknar med at både Nord- og Sydpolen er smelta før verda har fått ein avtale. Vi andre kryssar fingrar og håper.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt