Kapselen hadde med seg prøver av solpartiklar, som den hadde samla i løpet av to år, og som amerikanske forskarar meiner ville kunne nyttast til forsking i nærare 100 år.
SLIK: Dette helikopteret skulle ha plukka opp kapselen medan den enno fall mot jorda. Slik vart det ikkje. (Foto: REUTERS/NASA/JPL/YPG)
Kapselen kom inn i atmosfæra til jorda klokka 17.55, og etter planen skulle ein stabiliserande fallskjerm opne seg då kapselen var 33 kilometer over jordoverflata. Hovudskjermen skulle opne seg etter at kapselen hadde falt endå 27 kilometer.
Ingen av dei opna seg, fortel NASA.
- Det ser ut som om kapselen har treft bakken med ein fart på nærare 160 kilometer i timen, seier Chris Jones ved NASA-laboratoriet i Pasadena.
Romfartyet hadde klart å samle 0,00001 gram solpartiklar ved å nytte utstyr laga av mellom anna gull, silikon, safirar og diamantar. Prøvene var dei første som nokon sinne har vore på veg til jorda, og det var knytta store forventningar til forksinga på dei. Ikkje sidan den siste Apollo-ferda til månen i 1972 har nokon prøver frå verdsrommet blitt tatt med heim til jorda.
Det er førebels uvisst om prøvene frå sola framleis er inkakte.