Hopp til innhold

Klart for kongeleg dåp i Sverige

I ein høgtidleg seremoni i Drottingholms slottskyrka skal den yngste sonen til prins Carl Philip og prinsesse Sofia, prins Gabriel, døypast.

I slutten av august blei det svenske prinseparet foreldre for andre gong. Sonen fekk namnet Gabriel Carl Walther, men berre det første namnet blir brukt til kvardags. Frå før har prins Carl Philip og prinsesse Sofia sonen Alexander som blei fødd i april 2016.

Prins Gabriel, hertug av Dalarna, er nummer seks i arverekkefølgjen i det svenske kongehuset.

Dåp utan erkebiskopen

Dåpen skjer i slottskyrkja på Drottingholm. Men det har vakt oppsikt at det ikkje blir erkebiskop Antje Jackelén som skal utføre dåpen. Det er tradisjon at det er erkebiskopen som utfører slike handlingar i det svenske kongehuset. Men ho er på ei lenge planlagd tenestereise i USA. Difor blir det biskop Anders Wejryd som skal døype prinsen, skriv Expressen.

Wejryd var erkebiskop i perioden 2006 til 2014, og har tidlegare døypt prinsesse Estelle og prinsesse Leonore, og har også via kronprinsesseparet.

Program

11.00 - 11.40

Gjestane kjem til Drottingholms slott og Slottskyrkan

12.00

Dåpsgudsteneste i Drottingholms slottskyrkje

13.00

Kongeparet har ei mottaking på Drottingholms slott

SISTE NYTT

Siste nytt