Hopp til innhold

Klart for Afrikas første t-bane sør for Sahara

Med god hjelp frå kinesiske investorar har Etiopia i dag den første t-banen i Afrika sør for Sahara. Prislappen er på nesten fire milliardar kroner, og håpet er betre trafikkflyt.

ETHIOPIA-CHINA-ECONOMY-TRANSPORT

Den nye t-banen er i stor grad finansiert av kinesiske pengar. For mange etiopiarar var det stort å oppleve ein t-bane i sitt eige heimland.

Foto: Mulugeta Ayene / Afp

Hundrevis av etiopiarar hadde møtt fram for å vere med på opninga av den første t-banelinja i Afrika sør for Sahara.

Den nye t-banen i Addis Abeba har 29 stasjonar, og er driven av elektrisitet. Den første linja som har opna går frå nord til sør i byen, medan den andre linja som går frå aust til vest vert opna i oktober.

85 prosent av prosjektet er finansiert av ein kinesisk bank, og utbygginga er gjort av eit kinesisk firma.

ETHIOPIA-CHINA-ECONOMY-TRANSPORT

Mange hadde møtt fram for å teste ut det nye kollektivtilbodet.

Foto: Mulugeta Ayene / Afp

Håper på betre trafikkflyt

Det har tatt nesten fire år å få prosjektet ferdig, og banen har vore gjennom testkøyringar i fleire månadar allereie. Men i dag var det klar for den offisielle opninga av banen som vert sett på som eit stort skritt i riktig retning for utviklingslandet.

Byen har rundt fem millionar innbyggjarar, og trafikken i byen har lenge vore prega av kaos. Med t-banen håper ein å få den stadig meir pressa trafikken i hovudstaden til å gli lettare.

– Som etiopiar er eg veldig glad og stolt. Me har venta lenge på dette. Det vil dempe trafikkaoset, seier Dereje Daba til nyheitsbyrået Reuters.

ETHIOPIA-CHINA-ECONOMY-TRANSPORT

Det var stor stas då den nye t-banen opna i Addis Abeba. Her er det nokre passasjerar som dokumenterer den første turen.

Foto: Mulugeta Ayene / Afp

2,50 for billetten

Daba var ein av dei aller første som fekk ta ein tur med t-banen, og han hadde stått i kø i rundt to timar for å få plass. For hans eigen del trur han at vegen frå huset og til kaféjobben i sentrum vil bli mellom tjue og seksti minutt kortare på grunn av t-banen.

Håpet er at også trafikken langs dei asfalterte vegane vil gli lettare når t-banen er i sving.

– Eg har hatt mange problem med dei blå esla (kallenamn på minibussar som utgjer Addis Abebas kollektivtrafikk), med dei lange rutene og kampen om å få eit sete. Eg håper ikkje dette lengre vil bli noko problem, seier Tigist Dekele.

Billettane er ganske så billige, samanlikna med prosjektets prislapp. Ein enkelttur skal koste to kroner og femti øre. Etiopias transportminister seier at det ikkje er noko mål å tene pengar på t-banen og at utbygginga er eit teikn på at Etiopia er i ferd med å modernisere seg.

Fleire store infrastrukturprosjekt

Prosjektet er utan tvil eit tydeleg døme på Kinas store påverknad og sterke interessert i det afrikanske kontinent. T-banelinjene er berre det siste i ei lengre rekkje investeringar som Kina har gjort i Afrika.

Til og med Den afrikanske unions nye hovudkvarter i Addis Abeba er bygd av kinesarar, gitt som ei gåve frå Kina til det afrikanske folk.

Etiopia held også på med å bygge ein særs stor vassdam nord i landet, noko som har skapt konflikt med nabolanda. Og dei satsar også på å bygge jernbanelinjer ut til kystlandet Djibouti.

Samstundes vert landet stadig kritisert for brot på menneskerettane og for overgrep mot sitt eige folk. Det er særskild i Ogaden-regionen, aust i landet, kor konfliktnivået er høgast og menneskerettsbrota er alvorlegast.

SISTE NYTT

Siste nytt