Fredag kunngjorde FBI at dei ville ta opp att etterforskinga mot Clinton. Trump-kampanjen fekk ny vind i segla. Umiddelbart svekka pesoen seg mot dollar.
– Viss du ser på utviklinga mellom peso og dollar, så vil du sjå at dette henger veldig godt saman med korleis Donald Trump gjer det på meiningsmålingane, fortel sjefanalytikar i Nordea Markets, Erik Bruce.
Faksimile av valutavekslingnettstaden xe.com. Den viser at pesoen fekk seg ein tydeleg knekk mot dollar da FBI kom med si kunngjering mot Clinton fredag.
Foto: FaksimileAltså, ei tøff helg for Clinton, men kanskje enda meir turbulent for pesoen.
Utpå laurdagen kunne økonom og Clinton-tilhengar Paul Krugman fastslå at pesoen hadde styrka seg litt igjen. Clinton-kampanjen hadde byrja slå tilbake mot FBI.
Kanarifuglen i gruva
Pesoen har blitt ein symbolsk kanarifugl i gruva. Nye avsløringar om sextrakassering, pesoen styrkar seg. Clinton kollapsar og må bli støtta inn i bilen, pesoen svekkjer seg mot dollar.
Kvar einaste Wikileaks avsløring eller sleivete tweet, får konsekvensar for pesoen. Og dette har vore ein valkamp med uvanleg mange opp og nedturar for begge kandidatar.
– Reint bortsett frå USA, så vil ein Trump-siger ha størst konsekvensar for Mexico, fortel Bruce til NRK.
Populært å spekulere i Peso
Reuters melder at det blir handla meir peso enn vanleg i Asia. Årsaka, peso-spekulasjon er ein indirekte måte å vedde på kven som blir amerikansk president!
Kursen svinger såpass mykje at det er litt pengar å tene på kort sikt.
Den mexicanske sentralbanken gjer det dei kan for å stabilisere valutaen sin. Men det er ikkje enkelt når asiatiske spekulantar brukar den til å vedde på den amerikanske valkampen.
Foto: EDGARD GARRIDO / ReutersTrump vil ha toll på mexicanske varer
SJEFSANALYTIKAR: Erik Bruce i Nordea Markets.
Foto: Simon Solheim / NRKTrump har sagt han vil innføre straffetoll på mexicanske varer på 35 %.
Mexico eksporterer mykje varer til naboen i nord, men Trump har lova å reforhandle frihandelsavtalen NAFTA, med Mexico og Canada.
– Handelsavtalar og import er område der ein amerikansk president har stor handlefridom, fortel Bruce.
Trump vil stramme inn for mexicanske gjestearbeidarar
For eit fattig land som Mexico betyr inntekta til gjestearbeidarane i USA mykje. Utanfor kvar ein Western Union og Moneygram står familiemedlem i kø for å hente pengar sende frå USA.
Trump har sagt han vil «trygge grensene». Det vil seie å kaste ut 11 millionar gjestearbeidarar som ikkje har papira i orden.
Pesoen har blitt ustabil
Har du ein neve pesos? Selg dei viss du trur Trump vinn.
Foto: CARLOS JASSO / ReutersDen mexicanske sentralbanken arbeider hardt for å stabilisere valutaen, men Erik Bruce vil ikkje legge for mykje vekt på kortvarige svingingar.
Greitt nok at Trump-effekten gjev gjestearbeidarane i USA og turistane i Mexico meir igjen for dollaren.
Men den sårbare pesoen er eit frampeik om at Trump vil føre til langvarig svekking av den mexicanske økonomien.
7. Kjøpe eller selje peso?
Det kjem an på kven du trur vil vinne. Erik Bruce seier det er svært stor uvisse.
– Magefølelsen min heller mot Clinton, seier Bruce til NRK.
Men dette er på ingen måte noko trygg investering. Til det har den amerikanske valkampen vist seg å vere alt for uføreseieleg.