Hopp til innhold

Russisk journalist i koma etter å ha blitt banka opp

Den kjende journalisten Oleg Kashin vart slått ned utanfor sin eigen heim i natt. Han er no i kunstig koma.

Opposisjonsleder Vladimir Milov krever at angriperne blir straffet

Opposisjonsleder Vladimir Milov krever at angriperne blir straffet.

Foto: Mikhail Metzel / Ap

Oleg Kashin er journalist i avisa Kommersant

Oleg Kashin er journalist i avisa Kommersant.

Foto: SVETLANA PRIVALOVA / Afp

Ifølgje avisa Kommersant var det to personar som angreip Kashin utanfor hans eigen heim i Moskva.

Dei meiner det var eit drapsforsøk, eitt av fleire liknande i Russland, melder nyhetsbyrået AFP.

– Kashin vart alvorleg skadd og er lagt inn på sjukehus. Dei komande dagane vil han vere i kunstig koma, skriv Kommersant.

President Dmitri Medvedev i gravferda til Viktor Tsjernomyrdin

President Dmitri Medvedev krev at dei som står bak overfallet blir straffa. Her er han avbilda i gravferda til tidlegare statsminister Viktor Tsjernomyrdin saman med noverande statsminister Vladimir Putin.

Foto: MIKHAIL METZEL / Afp
Medvedev krev straff

Journalisten har fått brotskader i kjeven og har hjerneristing. Begge beina er brotne og både fingrane og skallen er skadde.

– Det går klart fram at dei som gjorde dette, ikkje likar det han seier og det han skriv, seier redaktør i avisa Mikhail Mikhailin til radiostasjonen Moscow Echo.

President Dmitri Medvedev har gitt ordre om at den russiske riksadvokaten Yury Chaika og Innanriksminister Rashid Nurgalijev sjølve går inn i etterforskinga av saka.

– Dei som står bak dette, må bli straffa, seier Medvedev.

Les: Krever granskning av journalistdrap

Opposisjonsreporter

30 år gamle Kashin spesialiserte seg i å skrive om demonstrasjonar, opposisjonsmøte og aktivitetar i ungdomsgrupper. Han dekte også det Medvedev føretok seg for avisa Kommersant.

Den siste tida hadde han følgt motstanden mot bygginga av ein motorveg gjennom Khimki-skogen utanfor Moskva, som Medvedev har satt på vent etter stort press frå folket.

Kommersant er ei av dei mest leste avisen i Russland, og skriv mest om økonomi og politikk. Både journalistar og aktivistar, som har demonstrert mot motorvegen, er tidlegare angripne.

52 journalistar drepne

Legg blomar til minne for Politkovskaja

Ei kvinne legg blomar framfor huset til Anna Politkovskaja.

Foto: ANDREI SMIRNOV / Afp

Fleire dusin journalistar er banka opp eller til og med drepne i Russland etter at Sovjetunionen kollapsa. Lokalavisredaktøren Mikhail Beketov mista ein fot og fleire fingrar etter eit overfall i 2008.

Ifølgje den New York-baserte Committee to Protect Journalists er 52 journalistar drepne i Russland sidan 1992.

Mest kjend er Anna Politkovskaja, som vart skoten i sin eigen heim for fire år sidan. Framleis er ingen straffa for å ha drepe henne.

– Så lenge våre journalistar blir banka opp eller truga, kan vi ikkje ha demokrati eller ein rettsstat i Russland, seier sjefen for Moscow Helsinki Group, Lyudmila Alexeyeva, til nyheitsbyrået Interfax.

SISTE NYTT

Siste nytt