NRK Meny
Normal

Kjempar for ektemannen

Mannen hennar er dømd til 10 års fengsel og 1000 piskeslag for å ha utfordra moralske og religiøse autoriteter i Saudi-Arabia. No kjempar Ensaf Haidar for å få Raif Badawi sett fri.

Ensaf Haidar

Ensaf Haidar takkar kvar og ein som står framfor Saudi-Arabias ambassadar verda rundt kvar veke i håp om å få ektemannen Raif Badawi løyslaten.

Foto: NRK

– Situasjonen hans er ikkje bra, verken psykisk eller helsemessig. Det er heilt normalt i hans situasjon, grunna all uvissa, fortel Ensaf Haidar til Ole Torp.

I Aktuelt på NRK2 kl. 20.15 møter du i kveld kona til den saudiarabiske bloggaren Raif Badawi, som vart dømd til 10 års fengsel og 1000 piskeslag for å ha utfordra moralske og religiøse autorieter i Saudi-Arabia.

Raif Badawi

Raif Badawi vart dømd til 10 års fengsel og 1000 piskeslag for si blogg.

Har fått 50 av 1000 piskeslag

Det er gått eit år sidan bloggaren bak sida «Free Saudi Liberals» fekk den strenge dommen. Dei første piskeslagene falt 9. januar i år etter fredagsbønnen, men av medisinske årsaker har han unngått ytterlegare mishandling.

Badawi sit framleis i fengsel i Saudi-Arabia, mens kona bur i eksil i Canada med deira tre barn.

Overraska over den strenge dommen

På spørsmål om ho har kontakt med ektemannen, svarer Ensaf Haidar at han ringer iblant, men berre for korte samtalar.

– Vart du overraska over den strenge dommen?

– Sjølvsagt. Eg er svært overraska og sjokkert. Han hadde berre praktisert sin rett. Eg hadde ikkje trudd at han skulle få ein så valdeleg dom, seier Haidar, og understrekar at det framleis er eit sjokk for ho.

Raif Badawi laget en blogg som hyllet den frie tanke. For det ble han dømt til 1000 piskeslag og 10 års fengsel - i et av verdens mest brutale kongedømmer: Saudi Arabia. Aktualitetsmagasin fra NRKs utenriksredaksjon. Programleder er Hege Moe Eriksen.

Se Urix-sendingen om Raif Badawi og menneskerettighetssituasjonen i Saudi-Arabia.

Ho er uroa for konsekvensane om piskeslaga vert gjenopptekne.

– Eit menneske kan ikkje tole 50 piskeslag. Raifs kropp og psyke vil ikkje tole dette, seier ho og ristar på hovudet.

– Det er rein tortur.

BADAWI demo

Hver fredag siden 9. januar har demonstranter møtt opp utenfor Saudi-Arabias ambassader i en rekke land, med krav om at Raif Badawi løslates. Her i Paris i mai.

Foto: STEPHANE DE SAKUTIN / Afp

Håp om at protestane vil nytte

På oppfordring frå Amnesty International har folk verda rundt protestert utanfor Saudi-Arabia sine ambassadør kvar fredag, som er den dagen Raif normalt skal ta imot dei 50 vekelege piskeslaga.

Haidar håpar at verdssamfunnet sine protestar har hjelpt.

– Så langt er ingenting klårt. Men det har hjelpt meg. Eg kjenner at verda står saman med oss. Det same gjer Raif. Eg vil takke kvar og ein som står framfor desse ambassadane kvar veke. Når det gjeld neste skritt har eg ikkje noko svar. Eg håpar at folk vil halde fram å kjempe for at Raif skal verte løyslaten.

Raif Badawi Knut Nærum

Knut Nærum holder appell under Amnestys demonstrasjon mot piskingen av bloggeren Raif Badawi utenfor Saudi-Arabias ambassade i Oslo denne våren.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Kongeleg kritikk

Då Kong Abdullah døydde i januar deltok kronprins Haakon under minneseremonien i Saudi-Arabia. Han fekk kritikk for deltakinga.

Mange meinte kronprins Haakon heller burde nytte høvet til å tale Badawi si sak, slik Storbritannias prins Charles gjorde.

– Når det er ein samtale mellom regjeringar hjelp det sjølvsagt. Eg håpar dei ber den saudiarabiske regjeringa om å lauslate Raif, seier Haidar.

Ensaf Haidar

Ensaf Haidar i samtale med Ole Torp i Aktuelt.

Foto: NRK
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt