Kinesiske skip inn i området ved dei omstridde øyane

Tre kinesiske kystvaktskip er no heilt i nærleiken av øyane Kina og Japan kranglar om. I dag kravde fleire tusen kinesarar at landet skal gå til krig mot Japan.

Japanske marinefartøy på veg inn i omstridd område.

12 kinesiske marinefartøy er på veg inn i det omstridde området nord for Taiwan.

Foto: Ap
Bent Tanstad
Journalist

Seint i kveld norsk tid kom 11 kinesiske kystvaktskip fram til området rundt dei omstridde øyane, opplyser japanske styresmakter. Tre av skipa skal ha gått inn i den økonomiske sona rundt øyane, medan dei åtte andre held seg like utanfor.

Demonstrasjonar i over 100 byar i Japan.

Det var demonstrasjonar i over 100 byar i Kina tysdag. Mange bar plakatar av den tidlegare leiaren Mao Zedong.

Foto: Ng Han Guan / Ap

Meldinga er ikkje stadfesta av kinesiske styresmakter, men kinesiske leiarar har varsla at Kina vil «vil gjennomføre tiltak».

Dette skjer etter at det i dag var store antijapanske demonstrasjonar i over 100 kinesiske byar. Stemninga var hatsk blant svært mange av demonstrantane. Under ein stor demonstrasjon utanfor det japanske konsulatet i Shanghai i dag, sa demonstranten Pu Linkuang (34) det slik:

– Eg forgudar Mao. Hadde han vore leiaren vår no, ville han ha gått til krig mot Japan med ein gong.

Også i hovudstaden Beijing har aggressive demonstrantar prega området framfor den japanske ambassaden, og demonstrantane kasta egg, frukt og flasker mot bygningen. Men det var eit enormt oppbod av politi og soldatar, slik at det aldri var fare for at demonstrantane skulle kome seg inn på ambassadeområdet.

LES OGSÅ: Skjær i sjøen

LES OGSÅ: Kineserne vil gå til krig mot Japan

Hatefulle slagord

Det var mange store banner å sjå med hatefulle slagord mot Japan, til dømes: «Utslett alle japanske hundar».

Tidlegare gjekk to japanske aktivistar i land på dei ubebudde øyane. Det vekkjer sterke reaksjonar i Kina, sjølv om dei forlet øya raskt.

Demonstrasjon mot Japan i Kina.

Ingen tvil om kva denne kinesaren meiner om nabolandet Japan.

Foto: BOGDAN CRISTEL / Reuters

Det er fjerde gong japanarar går i land på dei omstridde øyane, som på japansk heiter Sekaku og på kinesisk Diaoyu.

USAs forsvarsminister Leon Panetta er på besøk hos sin kinesiske kollega Liang Guanglie, og han seier han vil prøve å mekle mellom dei to landa. Men situasjonen verkar fastlåst.

LES OGSÅ: Japanske bilfabrikker stanser produksjon i Kina

LES OGSÅ: Japanere tør ikke bevege seg utendørs i Kina

– Rett til ytterlegare handlingar

På ein felles pressekonferanse med Panetta gjorde Guanglie det klart at Kina har rett til ytterlegare handlingar i øystriden, utan å spesifisere kva han har i tankane. Han legg all skuld for den spente situasjonen på Japan, og viste til Tokyo sitt omstridde kjøp av øyane frå ein privat eigar sist veke.

Torbjørn Færøvik

Kina-ekspert og forfattar Torbjørn Færøvik meiner kinesiske leiarar har behov for å vise styrke.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

– Spørsmålet er no om den japanske marinen vil gå til aksjon mot dei kinesiske marinefartøya. Gjer dei det, vil Beijing gå til aksjon. Då kan vi fort kome i ein krigsliknande tilstand, seier NRKs Asia-korrespondent Anders Magnus.

– Vi har sett mykje oppdemma raseri her. No får kinesarane lov til å demonstrere. Mange av demonstrantane er truleg berre frustrerte ungdomar, legg han til.

Forfattar og Kina-ekspert Torbjørn Færøvik meiner at nasjonalistiske krefter på begge sider har blåst opp denne saka og gjort henne verre enn ho burde vere. I Japan er det ei aktiv høgreside, som stimulerer motsetningane frå si side.

LES OGSÅ: Truer med å sette Japan 20 år tilbake i tid

– Behov for å vise styrke

I Kina står ein partikongress for døra, og det gir dei kinesiske leiarane eit behov for å vise styrke.

Han meiner at det beste ville vore om Kina og Japan gav oppgåva til havrettsdomstolen i Haag, men at det er lite realistisk sidan Kina ikkje vil ha noko med domstolen å gjere.

Politifolk vaktar den japanske ambassaden i Beijing.

Eit tungt politioppbod hindra demonstrantane å kome seg inn i den japanske ambassaden i Beijing.

Foto: PETER PARKS / Afp

– Ytre sett kan det sjå ut som om dette er ein strid om nokre ubebudde øyar, der det berre bur nokre geiter. Men det som ligg bak er dei store olje- og gassressursane, pluss fiskeresursane. I tillegg er det ein travel skipstrafikk i området, seier Færøvik til NRK.

Han minner også om at datoen i dag, 18. september, er symboltung for kinesarane. Det var på denne datoen i 1931 at Japan invaderte Mandsjuria. Dei to landa var i krig frå 1937 til 1945, og over 20 millionar kinesarar miste livet på slagmarka.

Anti-japansk demonstrasjon i Wuhan i Hubeiprovinsen.

I byen Wuhan i Hubei-provinsen prøvde demonstrantar å kome seg inn i eit bustadområde der det bur japanske arbeidarar.

Foto: Ap

– Ein strid om historia

– Agget mot Japan er veldig stort i Kina. Det har vore demonstrasjonar i alle dei store byane. Japanske fabrikkar har stansa produksjonen i Kina, japanske bilar blir knuste i gatene, seier Færøvik.

Han meiner striden mellom dei to landa også er ein strid om historia. Kina rasar mot Japans sitt forhold til historia, men Færøvik meiner at Kinas forhold til si eiga historie er dominert av skremmande lygner.

– Sanninga er at øyane om havområdet har lege som eit tomrom i fleire hundreår. Vikingane reiste til Skottland for 1000 år sidan, men er øyane der norske av den grunn, spør Kina-eksperten.

Innslag om konflikten mellom Kina og Japan fra Dagsnytt 18 18.09.12.

VIDEO: Konflikten mellom Japan og Kina i Dagsnytt 18

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt