Hopp til innhold

Kinesisk romrakett på veg mot jorda – ingen veit kvar den landar

For tredje gong på tre år har Kina latt ein rakett ukontrollert falle tilbake mot jorda. Forskarar klarar ikkje å føreseie kvar den 21 tonn tunge delen vil lande.

På søndag sende kinesarane opp den andre av totalt tre modular til den nye romstasjonen deira, Tiangong.

Raketten, som var av typen Long March-5B, blei sendt opp frå øya Hainan heilt sør i Kina.

På toppen av raketten låg laboratoriet på 18 meter, som kom til Tiangong etter 13 timar. Hovuddelen er derimot på veg tilbake til jorda og kan lande innan ei veke, skriv nettstaden Space.

Mesteparten av rakettdelen vil brenne opp i atmosfæren, men spesielt solide delar av den vil nå heilt ned til bakken. Desse delane vil treffe jorda med same hastigheit som ein stein sleppt frå eit høgt hus.

13 minutt unna å lande i New York

Ved kontrollerte nedfall er raketten utstyrt med motorar som lar ingeniørane styre kvar den skal lande. Som regel ender ferdene i havet – og ikkje område der det bur folk.

Long March-5B.

Ifølge astrofysikar Jonathan McDowell er den kinesiske raketten designa for å bli verande i bane rundt jorda, før den på eit tilfeldig tidspunkt entrar atmosfæren og landar på jorda.

Foto: Costfoto / SipaUSA

Kina sende opp liknande rakettar i mai 2020 og april 2021. Då hamna restane av rakettane i høvesvis eit ikkje-busett område på Afrikas vestkyst og i Det indiske hav, ikkje langt unna øystaten Maldivane.

Det blei anslått at raketten frå 2020 berre var 13 minutt unna å lande i New York, ein by med 9 millionar innbyggarar.

Astrofysikar Jonathan McDowell ved Harvard & Smithsonian Center for Astrophysics i Cambridge i USA følger med og sporar raketten.

Til Gizmodo seier han at dei dessverre ikkje kan seie noko om kvar den vil lande.

– Ein så stor rakett bør ikkje bli etterlate i bane for så å gjere eit ukontrollert nedfall. Risikoen for folk er ikkje enorm, men større enn eg er komfortabel med.

Spania i risikosona

Rakettdelen vil falle ned ein eller annan gong mellom laurdag og måndag, melder The Aerospace Corporation. Nærmare helga vil dette tidsvindauget bli betrakteleg mindre, men i dei siste timane vil det likevel vere ukjent kvar delen vil falle.

Twittermelding fra The Aerospace Corporation

Ekspertane kan ikkje seie noko meir nøyaktig no enn at rakettdelen vil falle ned innan ein tre dagars-periode.

Foto: The Aerospace Corporation/Twitter

Det som er sikkert, er at delen vil falle ned ein eller annan stad mellom 41,4 grader nord og 41,4 grader sør. Noreg kan derfor ikkje bli ramma. Rakettdelen følger ei bane som gjør det umogeleg.

Den kan treffe så langt nord som den nordlege delen av Spania. Heile Afrika er i risikosonen.

USA betre

McDowell understrekar på Twitter at USA gjer ein langt betre jobb enn Kina når det kjem til å frakte rakettdelar trygt ned.

– Sist gong landa raketten 1000 kilometer sør frå der eg bur. Ikkje sikkert kvar den kjem til å lande denne gongen, skriv ein brukar på Twitter.

– Ingen veit! svarar McDowell.

Les også Russland skal forlate Den internasjonale romstasjonen i 2024

Terrence Wilcutt og Anatoly Solovyev

Sidan dei fleste rakettar blir skotne opp nær ekvator, er det byar i det globale sør som er spesielt utsette når rakettdelane fer ukontrollert ned igjen, skriv Space.

Sjansen for at rakettar skal falle ned og skade folk eller eigedom er generelt svært liten – mest på grunn av at jorda for det meste er dekt av hav.

Forskarar seier likevel at det er 10 prosent sjanse for at ein eller fleire personar vil døy som følge av slike ulykker dei neste ti åra, skriv The Independent.

Dei fleste romfartsorganisasjonane har reglar for korleis å handtere fallande delar av rakettar. Kina har fleire gongar fått kritikk for å ikkje innfri dagens standardar for romfartøy.

Kina har avvist skuldingane å ikkje vere ansvarlege nok. Etter oppskytinga i fjor sa landets utanriksdepartement at risikoen for skadar var «ekstremt låg», skriv NTB.

Astronautene om bord på den kinesiske romstasjonen Tiangong mandag – fra venstre Cai Xuzhe, Chen Dong og Liu Yang.

Eit bilde tatt på måndag viser astronautane om bord på den kinesiske romstasjonen Tiangong. Frå venstre Cai Xuzhe, Chen Dong og Liu Yang.

Foto: Guo Zhongzheng / AP

SISTE NYTT

Siste nytt