NRK Meny
Normal

Gravid i femte månad – tvungen til abort

Ei kinesisk kvinne som er gravid i femte månad kan bli tvungen til å ta abort fordi ho har eit barn frå før. Dette er konsekvensen av den strenge, kinesiske eittbarnspolitikken.

Ein kinesisk familie

EITT BARN, IKKJE FLEIRE: Kinesiske familiar blir tvangssteriliserte, tvungne til abort eller må betale ei stor bot på grunn av den strenge eittbarnspolitikken.

Foto: DAVID GRAY / Reuters

Amerikanske styresmakter har bede regjeringa i Beijing fortelje kva som skjer med Cao Ruyi, kvinna som kan bli tvungen til å ta abort i femte månad.

LES: Longlong må forsørge seks eldre når han blir voksen

Jin Yani ble tvunget til abort

TVUNGEN ABORT: Jin Yani og mannen hennar blei tvungne til abort i 2007. Fosteret blei abortert ved ei dødeleg sprøyte medan barnet framleis var i magen.

Foto: Elizabeth Dalziel / AP

Ifølgje menneskerettsforkjemparar vil ho bli tvungen til å ta abort laurdag, med mindre ho betalar ei stor bot.

«Gebyr for sosial byrde»

Bota er sett til 150 000 yuan, som svarar til nesten 142 000 norske kroner og er eit svært høgt beløp etter kinesiske forhold. Bota omtalast offisielt som eit «gebyr for sosial byrde».

LES: 13 millioner aborter i året i Kina

Det er denne «sosiale byrda» Cao Ruyi og mannen hennar påfører det kinesiske samfunnet ved å sette barnet til verda.

Tvangsabort og tvangssterilisering

– Vi legg ikkje skjul på at USA er sterkt imot alle sider ved Kina sin bruk av makt for å redusere talet på fødslar, seier det amerikanske utanriksdepartementet si talskvinne Victoria Nuland.

– Denne motstanden gjeld tvangsabortar og tvangssterilisering, held Nuland fram.

Kina har sidan 1980 nekta dei fleste familiar å få meir enn eitt barn, som eit ledd i arbeidet med å bremse folketalsauken i landet.

Det kan bli gjort unntak for ektepar på landsbygda og for medlemar av etniske mindretal. I tilfelle der den førstefødde er ei jente, kan foreldra få lov til å prøve igjen, sidan gutar er favoriserte.

Favoriserer gutar – manglar jenter

Ifølgje kinesiske myndigheiter har eittbarnspolitikekn forhindra om lag 400 millionar fødslar.

LES: Stort kvinneunderskudd i Kina

Favoriseringa av gutar, kombinert med eittbarnspolitikken, gjer Kina til eitt av verdas mest ubalanserte land når det gjeld kjønn.

Skeivheita skuldast kjønnsbestemming av foster og påfølgjande abortar av jentebabyar.

I 2020 vil det vere 30 millionar fleire menn mellom 20 og 45 år enn kvinner, ifølgje kinesiske ekspertar.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt