Hopp til innhold

Kina om menneskerettar: – Me aksepterer ikkje ei moralpreike

BEIJING/OSLO (NRK): Utanriksminister Søreide var nøgd med menneskerettsdialogen etter møte Kinas president. Utanfor møtelokala vart norske journalistar oppmoda til å ikkje sjå seg blind på menneskerettar.

Kongeparet på offisielt statsbesøk i Kina

Den kinesiske UD-toppen Liu Weimin var sendt ut på vegner av kinesiske styresmakter for å summere opp tema under statsbesøket.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– Me bør vere opne for nye idear i staden for å vere besett av menneskerettar svarer Liu Weimin, nestleiar for EU-spørsmål i kinesisk UD, på spørsmål frå NRK om nettopp menneskerettar under statsbesøket.

NRK spurte om kinesarane set pris på at utanriksminister Ine Eriksen Søreide ville diskutera temaet under statsbesøket.

– Me ønskjer dialog med vestlege land, men me motset oss ei politisering av desse tema, og me aksepterer ikkje at vestlege land gjer seg sjølv moralsk overlegne og forsøker seg på moralpreike i denne typen spørsmål, seier Liu.

Han meiner det er det kinesiske folket og dei kinesiske styresmaktene som bryr seg mest og veit best om den kinesiske menneskerettssituasjonen.

Han møtte norsk presse etter møtet mellom kong Harald og Kinas president Xi Jinping i Folkets store hall, der også utanriksminister Ine Eriksen Søreide og næringsminister Torbjørn Røe Isaksen var til stades.

Kongeparet på offisielt statsbesøk i Kina

Utanriksminister Ine Marie Eriksen Søreide helste i dag på Kinas president Xi Jinping. Ho tok opp menneskerettar i politiske møter etter at Xi og kong Harald møttest.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– Eg visste du kom til å ta opp temaet, fordi journalistar frå Vesten er svært opptekne av menneskerettar, seier Liu.

Han vonar journalistane heller vil halde auga opne og ta inn over seg at statsbesøket handlar om ei lang rekke ulike tema.

– Gjensidig respekt

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide fortel NRK at det ikkje var naturleg at menneskerettar var tema i møtet mellom kong Harald og president Xi Jinping, men at ho som utanriksminister tok opp temaet i sine møte i etterkant av møtet mellom dei to statsoverhovuda.

Kongeparet vart helst velkommen av Kinas president Xi Jinping i dag.

– Noreg og Kina har ulike syn på dette, men det er ikkje eit hinder for at me diskuterer det. Dette er viktige spørsmål for både oss og kinesarane. Det er stor vilje til å gå inn i desse spørsmåla i samtalane, og me utviser gjensidig respekt for at me har ulike syn på desse tinga, seier Søreide.

Utanriksministeren understrekar fleire gonger at Noreg og Kina har ulik samfunnsstruktur, og at landa er ueinige i ein del, men at ho kjem til å fortsette å ta opp denne type tema i dialogen med Kina.

– Meir oppteken av andre spørsmål

Talsperson Liu meiner det ikkje finst ein type politikk som fungerer for absolutt alle land.

– I Kina er me meir opptekne av menneskes rett til overleving og utvikling, mens ein i Vesten er meir oppteken av folks politiske og borgarrettar, seier Liu.

Under kongeparets besøk i Kina har menneskerettssituasjonen i landet vore eit sentralt tema for norsk presse. Spesielt situasjonen for det muslimske uigurar-folket i Xinjiang-provinsen har det blitt stilt spørsmål ved.

Utanriksminister Søreide stadfestar at situasjonen for religiøse minoritetar var tema i politiske møter tysdag.

Fleire rapportar seier at rundt ein million uigurar og andre minoritetsgrupper i Xinjiang vert haldne innestengt i omskuleringsleire. Kina hevdar at det er naudsynt å ta grep for å «hindre og nedkjempe terrorisme og ekstremisme», og at det dessutan er svært gode og humane forhold i desse leirane.

SISTE NYTT

Siste nytt