NRK Meny
Normal

Kinas stolte øyeblikk

OL-arrangørane i Beijing pusta sikkert letta ut etter opningsseremonien fredag.

Bilder fra generalprøven på åpningsseremonien i Beijing
Foto: BULLIT MARQUEZ / AP

Kommentar: Gunnar Myklebust
Foto: NRK

Så mye som stod på spel, så mye som bokstaveleg talt var investert i dette storslåtte showet der Beijing noen timar hadde all verdas auge retta mot seg.

Eit stolt øyeblikk for folk og land. Det er 16 dagar igjen, men - for å holde oss til idrettsspråket - det er ein stor fordel å kome godt ut frå start.

Styrka patriotisme

Den kinesiske leiinga har greidd å gjøre leikane til heile folkets OL. Alt utanlandsk fokus på menneskerettar og opposisjonelle og Tibet og minoritetar har tilsynelatande samla kinesarane meir enn splitta dei. Internasjonal kritikk har bare styrka patriotismen.

Forsøk på å forstyrre fakkelstafetten har skapt irritasjon og sinne. OL er viktig personleg for gjennomsnittskinesaren.

For dei er dette å reise seg igjen etter den historiske uretten som dei kjenner mot vestleg imperialisme, kolonivelde og okkupasjon.

Dei vil vise verda dagens Kina. Og dei ser ingen grunn til å demonstrere mot den leiinga som har gitt dei velstand og framgang.

Tomme lovnader

Dei som trudde at sommarleikane skulle brøyte vegen for demokrati og menneskerettar, er så langt skuffa.

På same måten som kommunistpartiet har leia den økonomiske revolusjonen og dyrka marknadskapitalismen utan å fire i politikken, har det manøvrert og tilpassa seg rolla som OL-arrangør.

Kina lovte å sette fokus på menneskerettar, pressefridom og miljøvern da landet fekk tildelt OL. Men den lovnaden viste seg nærast tom. Sidan har det overordna vore å skape den olympiske triumfen.

Stormaktsrivalisering

Politikk har alltid vore ein del av OL. Leikane er brukt til nasjonsbygging, utstillingsvindauge og politisk plattform både av deltakarland og arrangørar, og dei er brukt i det internasjonale spelet mellom nasjonar med boikottar og utestengingar.

Det blir nesten rørande når dei kinesiske leiarane seier at vi må holde politikken unna dei olympiske leikane. For dei er dette samtidig stormaktsrivalisering med USA. I år skal Kina bli beste nasjon.

Det spesielle er at også IOC har politisert Beijing-leikane. Komiteen peikte på utsiktene til politiske og sosiale endringar da den tildelte Kina OL.

Vi er sikre på at dei olympiske leikane vil betre menneskerettane i Kina, sa IOC-president Jaques Rogge i 2002. Han lova også å presse Beijing. Om det ikkje blir gjort noe med menneskerettane, vil vi aksjonere, sa han den gongen.

I dag seier kritikarane at situasjonen for menneskerettane i Kina er blitt forverra og at IOC har gjort lite eller ingenting.

Overvaker utlendingar

No ventar 16 dagar i Beijing der ikkje bare terroristar, men også menneskerettaktivistar og demokratiforkjemparar vil vere uønska skadedyr.

Beredskapen omfattar 100.000 politifolk og soldatar, antiluftskyts ved idrettsanlegga og tre fulle kampflyskvadronar.

I tillegg kjem eit ukjent hundretusental enkeltmenneske som er rekrutterte til å halde auge med både landsmenn og utlendingar.

Hotellrom og drosjer blir avlytta, og 300.000 kamera rundt om i byen skal kunne zoome inn på eit kvart andlet og identifisere det i menneskemassen.

La Kina få triumfane sine

Nå er leikane i gang, konkurransane har tatt til og vinnarane skal kårast. La oss glede oss over flott idrett og store prestasjonar, men ikkje ha illusjonar om at dei alle nås utan juks og stimuli.

La oss også håpe at dei kinesiske arrangørane ser lett på dei som på fredeleg vis måtte prøve å markere ei politisk holdning undervegs.

Kanskje er det også best om Kina får triumfane sine og mange nok gullmedaljar og at verken utanlandske rivalar eller terroristar greier å forstyrre harmonien. Den harmonien som kanskje kan opne for politiske endringar på lang sikt.

Det siste vi bør ønske oss er eit Kina med kjensla av å vere omgitt av fiendar.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt