NRK Meny
Normal

Kina: – Donald Trump og Nord-Korea er på kollisjonskurs

Den kinesiske utanriksministeren samanliknar spenninga mellom USA og Nord-Korea som to akselererande tog som køyrer rett mot kvarandre, utan vilje til å endre kurs.

Wang Yi

Utanriksminister i Kina, Wang Yi, åtvarar om spenninga mellom USA og Nord-Korea.

Foto: Carlos Garcia Rawlins

Utanriksminister Wang Yi foreslår at Nord-Korea legg sitt atom- og rakettprogram på is mot at USA og Sør-Korea avsluttar sine felles militærøvingar.

– Det kan hjelpe oss ut av tryggingsdilemmaet og få partane tilbake til forhandlingsbordet seier Wang, som seier det er eit forsøk på å ta omsyn til alle partar, synkronisert og gjensidig.

Nord-Korea: – øver seg på invasjon

– Spørsmålet er om dei to sidene verkeleg er klare for ein frontkollisjon? Vår prioritet no er å blinke med det raude lyset og sette på bremsene på begge toga, sa Wang til journalistar på onsdag.

Sør-Korea og USA byrja i førre veke med felles militærøvingar. Nord-Korea tolkar det som at dei øver seg på invasjon. Som svar på militærøvinga mellom nabolandet og USA, skaut Nord-Korea ut fire rakettar i Japanhavet på måndag.

Nord-Korea seier at dei øvde seg på å angripe amerikanske militærbasar i Japan.

Rex Tillerson besøker regionen

USAs president Donald Trump, som har skulda Kina for ikkje å gjere nok for å tøyle Nord-Korea, svarte på den nordkoreanske rakettoppskytinga med ei åtvaring om at trusselen frå Pyongyang trussel hadde gått inn i «ein ny fase».

Midt i den spente situasjonen skal utanriksministeren i USA, Rex Tillerson på besøk til området, nærare bestemt til Sør-Korea, Kina og Japan, i perioden 15- til 19. mars.

Rex Tillerson

Utanriksminister Rex Tillerson skal besøke Asia i mars.

Foto: Steve Helber / AP

Tillerson skal diskutere bilaterale og multilaterale tema med leiarane i alle landa, inkludert strategisk koordinering mot den aukande atom- og rakettrusselen frå Nord-Korea, seier talsperson Mark Toner.

USA framskunda utplassering av rakettforsvar

Utanriksminister Wang Yi kritiserte Nord-Korea for å ignorere all internasjonal kritikk mot sine kjernefysiske rakettprogram, men skulda også USA for å bidra til konflikten ved å halde «militære øvingar av ein enorm størrelse» i lag med Sør-Korea.

Test av THAAD-systemet.

Terminal High Altitude Area Defense-systemet skal kunne skyte ned mellomdistanserakettar som kjem inn over Sør-Korea.

Foto: © Handout . / Reuters / Reuters

Dagen etter at Nord-Korea skaut ut fire rakettar i Japanhavet, byrja USA å utplassere det avanserte rakettforsvaret THAAD i Sør-Korea. Namnet står for Terminal High Altitude Area Defense, og det skal kunne skyte ned mellomdistanserakettar som kjem inn over Sør-Korea.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt