I går kom det fram i Wikileaks-dokument at Kina nermar seg å akseptere ei samling på den koreanske halvøya, og at dei ser på Nord-Korea som ein bortskjemd unge.
- Les:
I dag stadfestar kinesarane dette.
– Vi har ikkje råd til å gi regimet i Nord-Korea inntrykk av at dei kan gjere som dei vil, seier dei til The Guardian.
– Blir berre verre
Dei anonyme kjeldene som uttaler seg til avisa seier at Kina sitt mål alltid har vore å få til ei samling på lang sikt.
Men i det siste har Nord-Korea påført kinesarane frustrasjon med både granatangrep og atomvåpentest.
- Les:
Kjeldene seier at Kina må vere forsiktige om dei ønskjer å oppretthalde sitt vennskap med Pyongyang, og at dei ikkje ønskjer å bli lurte av Nord-Korea.
– Vi har ingen effektiv måte å påverke dei. Nokre gonger når vi prøver, gjer vi berre ting verre, seier ein av dei.
- Les:
- Les:
– Målet er samling
No diskuterer kinesarane korleis dei skal forholde seg til Nord-Korea.
Den gamle allierte skapar sterke kjensler både hos leiarane og folk i Kina, men det er grenser for kor mykje Kina kan tole, seier ei av kjeldene.
Dei seier likevel at det er viktig å skilje mellom meiningane til enkeltpersonar og politikken som Kina faktisk fører.
Dei seier også at dei ikkje har tru på ei snarleg løysing og at Kina først og fremst ønskjer å roe ned gemyttane, starte ny dialog og halde regionen stabil.
- Les:
- Les:
– Kan utsetje brot
Den tidlegare britiske utanriksministeren Malcolm Rifkind seier han trur Kina vil bli veldig sinte etter avsløringane om at Kina prøver å endre si haldning til Nord-Korea.
Han meiner det er trist om lekkasjane skal utsetje ei historisk endring i Kina sin politikk.
– Om Kina har planar om å endre si haldning overfor Nord-Korea, og i tillegg vil støtte ei samling på halvøya, vil denne avsløringa ha satt prosessen fleire år tilbake. Det viser kor mykje skade slike lekkasjar kan føre til, seier Rifkind i eit intervju med Today Programme.
Senioforskar Sverre Lodgaard ved NUPI meiner dette neppe er ei overrasking for Nord-Korea, og seier dokumenta berre stadfestar det Nord-Korea visste frå før.
– Kina er ikkje motstandarar av samling, men det samla Korea må vere atomfritt - alle vil jo det. At dei distanserer seg frå Nord-Korea er også noko vi veit frå før, seier Lodgaard til Dagbladet.