Hopp til innhold

Kina rasar etter Trumps støtte til demonstrantane i Hongkong

USAs president Donald Trump underteikna onsdag to lover med støtte til demonstrantane i Hongkong. Kina har allereie kalla inn USAs ambassadør på teppet, for å krevje at USAs ikkje blandar seg i innarikspolitiske forhold.

Maskert demonstrant i Hongkong

Etter fleire oppfordringar har president Donald Trump onsdag signert ei lov som viser at USA støttar demonstrantane i Hongkong.

Foto: Ng Han Guan / AP/NTB Scanpix

Kinesiske styresmakter varslar om «sterke motreaksjonar», viss USA held fram med å blande seg inn i dei «interne forholda» i Hongkong.

Åtvaringa om konsekvensar kjem få timar etter at Donald Trump signerte lover som understreka menneskerettane til demonstrantane i Hongkong og at USA støttar dei.

Dei skal òg sikre at Hongkong har nok sjølvstende til å kunne inngå fordelaktige handelsavtalar med USA, skriv Reuters.

– Eg signerte desse lovene i respekt for president Xi (Jinping), Kina, og folket i Hongkong, seier Trump i ei pressemelding.

Trump la til at lovene er vedtekne av han i håp om at leiarar og representantar for Kina og Hongkong vil vere i stand til å løyse usemjene deira på eit vis som fører til langvarig fred og velstand for alle.

«Ekstremt avskyelig»

Lovene vart godkjente i Senatet og Representanthuset i USA førre veka. Dei truar mellom anna kinesiske tenestemenn med sanksjonar ved brot på menneskerettane i Hongkong.

Kina har på førehand åtvara USA mot lovene, som kan komme til å komplisere det allereie anstrengde forholdet mellom dei to landa, og øydelegge for sjansen til å få på plass ein handelsavtale.

Ifølgje kinesiske styresmakter er heile Kina og Hongkong imot USA i denne saka. Dei karakteriserer USAs handlingar som «ekstremt avskyelege», og seier at det ligg «heilt skjebnesvangre intensjonar» bak.

– USA skaper ei falsk verkelegheit. Dei klarer ikkje skilje mellom rett og gale når dei offentleg støttar galne, valdelege kriminelle og vandalismen dei utfører. Dette inneber vald mot uskuldige innbyggjarar, og forstyrring av freden i byen, seier dei òg, ifølgje CNBC.

Kallar ambassadør inn på teppet

Nyheitsbyrået Reuters melder torsdag morgon at Kina allereie har kalla inn USAs ambassadør Terry Brandstad for samtalar.

Det kinesiske utanriksdepartementet seier ein vil krevje at USA umiddelbart sluttar å blande seg i innarikspolitikken i Kina, på ein måte som er til skade for bilateralt samarbeid.

Medan mange medlemmer av Kongressen lenge har ytra si støtte til demonstrantane som krev meir sjølvstyre for Hongkong, har Trump til no forhalde seg taus om saka offentleg. Så langt har det heller ikkje dukka opp nokon bilde av at Trump signerer lovene som støttar demonstrantane i Hongkong.

Det har lenge vore usikkert kor hardt Trump ville engasjere seg i ura i Hongkong. Washington Post skriv at signeringa gjer at Trump unngår ein open konfrontasjon med partimedlem.

Det har vorte spekulert i om Trump kunne komme til å legge ned veto for å hindre lovforslaga, som har massiv støtte blant Republikanane i Kongressen.

Nedgang på børsane

Etter at signeringa vart kjent, opna aksjemarknaden i Hongkong med kraftig nedgang torsdag, samanlikna med onsdag. Mange er truleg uroa for skjebnen til dei skjøre handelsforhandlingane mellom USA og Kina.

Hang Seng-indeksen opna ned 0,71 prosent, eller 190,37 poeng til 26.763,63 poeng.

I Kina verkab det ikkje som at nyheitene hadde særleg innverknad på børsane dei første timane etter at dei vart kjente.

Les òg: Nå har Kina flere diplomatiske stasjoner enn USA

SISTE NYTT

Siste nytt