NRK Meny
Normal

Kina-opprør også i Taiwan

Uroa i Hongkong har også sett fart på kinakritiske demonstrantar i Taiwan. Politikarar i Taiwan har den siste tida diskutert eit tettare samarbeid med Kina. Men uroa i Hongkong får folk til å tenke seg om.

Hongkong-demonstrasjon

Det har vore store demonstrasjonar i Hongkong dei siste dagane. No får demonstrantane støtte frå studentar i Taiwan, som også er kritiske til påverknaden frå Kina.

TAIWAN-CHINA-HONG KONG-DEMO

Rundt hundre studentar samla seg i Taipei for å vise si støtte til demonstrantane i Hongkong. I Taiwan er no folk skeptiske til eit tettare samarbeid med Kina.

Foto: SAM YEH / Afp

TAIWAN-CHINA-HONG KONG-DEMO

Studentleiar Chen Weiting leiar demonstrasjonane i Taiwan, som vert sagt å vere i solidaritet med demonstrantane i Hongkong.

Foto: SAM YEH / Afp
Ei gruppe demonstrantar sit utanfor det økonomiske, finansielle og kulturelle Hongkong-senteret i Taipei, som er den største byen i Taiwan.

Dei viser si støtte til demonstrantane i Hongkong, der tusenvis av menneske demonstrerte i helga, på grunn av det Kinas planlagde valreform i framkant av valet i Hongkong i 2015.

Diskuterer tettare samarbeid

Men synet av opprørspolitiet i Hongkong, som nyttar tåregass og makt mot demonstrantane, kan også ha sett ein støkk i folk i Taiwan.

Der går for tida føre seg ein diskusjon om øya skal knyte sterkare band til den mektige naboen på fastlandet, Kina. Men bileta frå Hongkong kan av mange ha blitt tolka som eit varsel på kva eit tettare samarbeid med Kina faktisk kan føre til.

Taiwan er i dag eit fleirpartisystem og demokrati, sjølv om Kina meiner øya eigentleg skal vere styrt av Beijing. Kina har latt vere å bruke militærmakt på øya, og nyttar seg heller av såkalla «soft power», slik som økonomiske insentiv.

Og det er nettopp eit tettare økonomisk samarbeid som har vore i sentrum av diskusjonane. Men det er krefter i Taiwan, og særskild blant studentar, som kjemper mot at Kina skal få større påverknad, i frykt for at det skal føre til mindre demokrati og vere til hinder for økonomisk sjølvstende på øya.

Studentgruppe støtter Hongkong

Ei studentgruppe, som i vår gjennomførte anti-Kina protestar, protesterte på ny i gatene måndag, til støtte for Hongkong-studentane.

– Me kan ikkje tolerere fleire økonomiske og politiske forhandlingar, sa studentleiar Chen Weiting under demonstrasjonen måndag morgon, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

– Me er her i solidaritet med Hongkong i kampen mot kommunistpartiet, seier den 18 år gamle demonstranten Cho Yu-hsieh til Reuters.

Støtter universell stemmerett i Hongkong

President i Kina, Xi Jinping, møtte i førre veke politikarar i Taiwan, som er tilhengjarar av ei samanslåing av landa. Xi har skildra den politiske situasjonen som «eitt land – to system», men det ville ikkje leiarane i Taiwan høyre noko av. Dei ser på Taiwan som eit eige land, og ikkje ein del av Kina.

Ma Ying-jeou er presidenten for styresmaktene i Taiwan. Han gjekk til val på å betre forholdet mellom Taiwan og Kina, men han har nekta å gjennomføre noko prosess som liknar på det Hongkong har vore gjennom. Ma har mista mykje støtte på grunn av hans forsøk på å knytte tettare band til Kina.

I dag seier Ma at han og resten av Taiwan følger nøye med på det som går føre seg i Hongkong.

– Kinesiske styresmakter må lytte nøye til krava frå folket i Hongkong. Me ønskjer ikkje å sjå noko konflikt, står det skrive i eit utsegn som Ma kom med i dag.

Storbritannia er urolege

Også i Storbritannia følger ein nøye med på det som skjer i Hongkong. I 1997 vart Hongkong overført frå britisk til kinesisk administrasjon, og dei tidlegare koloniherrane er no uroa for utviklinga.

– Den britiske regjeringa er uroa for situasjonen i Hongkong og overvaker utviklinga nøye, sa ein talsperson for det britiske utanriksdepartementet i dag.

Den britiske regjeringa meiner det no må kome i stand ordentlege samtalar om demokrati i Hongkong.

– Me håper at dei kommande samtalane vil føre til ordningar som bidreg til at demokratiet i Hongkong vert styrka, sa talspersonen.

Kjerstti Strømmen

Tidlegare Asia-korrespondent Kjersti Strømmen om uroa i Hongkong.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt