Hopp til innhold

Huitfeldt: – Kina spelar ei viktig rolle i å redusere atomtrugselen

Krigen i Ukraina, Taiwan sitt sjølvstende og Noreg sitt leiarskap i Arktisk råd blei diskuterte då utanriksministrane møtst fredag ettermiddag.

-

USEMJE OG SAMARBEID: Qin og Huitfeldt kom ikkje overeins om menneskerettsspørsmål, men avtalte vidare samarbeid på fleire område.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Qin og Anniken Huitfeldt møtte pressen på ein samla pressekonferanse like før klokka 14. Dei kalla samtalane fredag morgon for «ein open og god diskusjon».

– Vi har hatt utdjupande samtalar om menneskerettar, blant anna bekymringane våre om Xinjiang og Hongkong. Vi har også diskutert Taiwan, sa Huitfeldt.

– Ein viktig del av våre diskusjonar var Russland sin uprovoserte invasjon av Ukraina. Kina spelar ei viktig rolle i å redusere atomtrugselen. Det er viktig for heile verda.

Huitfeldt bad Qin vidare om å halde fram kontakten sin med Russland for å redusere trugselen og få slutt på Krigen.

– Vår umiddelbare prioritet i Ukraina er å få ein slutt på kamphandlingane svarte han.

Kinas utenriksminister Qin Gang møter utenriksminister Anniken Huitfeldt

Ein smilande Qin under pressekonferansen fredag ettermiddag.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Usamde om menneskerettar

Qin takka Noreg for å ha uttrykt støtte til eitt-Kina-politikken, som går ut på at Kina berre har eitt regime.

Temaet er svært viktig for Kina som har gjort det klart at landet aldri kjem til å tillate at Taiwan blir sjølvstendig.

Qin sa at Kina kom til å stå sterkt imot land som ønskte å bruke det dei kalla for menneskerettsspørsmål til å «destabilisere eller splitte Kina».

– Eg var tydeleg om at tema kopla til Xinjiang, Hongkong og Tibet ikkje er menneskerettsspørsmål, men spørsmål som har med Kina sitt sjølvstyre, utvikling og tryggingsinteresser å gjere, sa Qin.

Dei kinesiske styresmaktene er skulda for å ha sett ein million uigurar og andre muslimske minoritetar i ein fangeleir i regionen.

I fjor publiserte FN sin høgkommisær for menneskerettar (OHCH) ein rapport som konkluderte at Kina med dette kan ha utført brotsverk mot menneskeslekta.

Kinas utenriksminister

Folk frå Amnesty International Noreg og Den Norske Uighurkomiteen demonstrerte i Oslo medan pressekonferansen gjekk føre seg.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Beijing seier at dei grepa landet tar er nødvendige i kampen mot ekstremisme, og har skildra FN-rapporten som ein vestleg svertekampanje.

– Det er klart at dette er område der vi ikkje er einige. Eg meiner jo at menneskerettane er universelle, sa Huitfeldt til NRK etter møtet.

– Dei gjeld uansett kvar ein bur i verda, og det er FN som må behandle om land følger menneskerettane.

Gratulerte med leiarskapet i Arktisk råd

Qin svarte på spørsmål frå NRK at Kina meiner Arktisk råd er eit viktig organ for å styre den arktiske regionen, og gratulerte Noreg med å ha teke over leiarskapet torsdag.

– I verda i dag er det som skjer i Arktis ikkje berre relevant for arktiske land, men blir meir og meir viktig globalt.

Framleis la han til at Kina respekterer sjølvstyret til dei arktiske landa, og ikkje har nokon planar om å sende kinesiske krigsskip så langt nord for å verne om deira interesser i området.

Den kinesiske forskningsstasjonen (Yellow River Station) i Ny-Ålesund

Kina har etablert forskingsstasjonen Yellow River Station i Ny-Ålesund på Svalbard.

Foto: Eivind Molde

– Kina meiner vi bør styrke samarbeidet i Arktis med alle land, med fredeleg bruk av nyttige ressursar og solid miljøvern som grunnlag, sa Qin.

– Utifrå dette står Kina klare til å samarbeide med Noreg for å saman verne om miljøet i Arktis og bidra til fred og stabilitet i regionen.

Snakka med Støre om Ukraina

– Vi er begge djupt bekymra for det som skjer i Ukraina.

Det sa Kinas utanriksminister Qin Gang etter at han i føremiddag hadde snakka i ein knapp time med den norske statsministeren Jonas Gahr Støre.

Kina sender i neste veke si spesialutsending Li Hui til Europa for å sondere mogelegheitene for å få slutt på krigen mellom Russland og Ukraina.

– Vi kjem til å halde norske styresmakter oppdaterte om vårt arbeid for å få slutt på krigen.

– Kina har heilt sidan starten på krigen arbeidd for fred, sa Qin, og la til at Kina gjerne samarbeider med Noreg for å få det til.

På besøk i statsministerbustaden.

Qin Gang på besøk i statsministerbustaden.

Foto: Terje Pedersen / AP

Qin, som vanlegvis kjem med stikk tilbake når han blir møtt med kritikk frå andre land sine styresmakter, verka å vere i eit godt humør etter møtet med statsministeren.

Besøket er hans siste stopp på rundreisa i Europa, etter å ha besøkt Tyskland og Frankrike tidlegare i veka.

Eit vennleg land

Også Støre la vekt på at det hadde vore ein god samtale. Men han understreka at det hadde komme fram at landa har ulike syn på ein god del spørsmål.

Norsk UD skriv at Støre tok opp spørsmålet om menneskerettar med den kinesiske utanriksministeren.

– Vi er uroa for menneskerettssituasjonen i Xinjiang og for utviklinga i Hongkong, sa han i eit utsegn på nettsidene deira.

– Noreg vil halde fram med å støtte opp om arbeidet til FN sin høgkommisær, og eg oppfordra Kina til å gjere det same.

Qin Gang og Anniken Huitfeldt

Utanriksminister Qin Gang saman med sin norske kollega Anniken Huitfeldt

Foto: NTB

Men både Støre og Qin la vekt på at samarbeidet mellom Noreg og Kina er tett på mange område, og la spesiell vekt på dei mogelegheitene som finst innanfor teknologi som kan forbetre miljøet.

– Vi er samde om eit tett samarbeid fram mot FNs klimatoppmøte til hausten sa Støre, før han ynskja den kinesiske utanriksministeren lukke til i vidare samtalar med sin norske kollega Anniken Huitfeldt.

– Noreg er eit vennleg land og vi har mykje å lære av kvarandre, sa Qin til NRK.

Etter planen skal Qin og Huitfeldt halde ein felles pressekonferanse kring klokka 14 fredag.

Les også Kina sin utanriksminister på besøk i Noreg

Kinas utanriksminister Qin Gang møter statsminister Jonas Gahr Støre

Ekspert: – Krevjande å navigere

– Å ta omsyn til Kina og å navigere forholdet med dei er veldig krevjande, seier Hans Jørgen Gåsemyr, som er seniorforskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi).

Hans Jørgen Gåsemyr, seniorforsker ved Norsk Utenrikspolitisk Institutt

Gåsemyr forskar spesielt på kinesisk politikk, men også norsk økonomisk og kunnskapsrelatert samarbeid med Kina.

Foto: Christopher Olssøn

– Anten det gjeld miljø, fattigdom, helseproblem, eller vilkår for økonomisk samhandel så er Kina der som ein kjempestor og viktig premissleverandør.

Samtidig finst det fleire saker som pregar korleis Noreg tek stilling til Kina som stormakt.

Blant desse er krigen i Ukraina, som blir rekna som «usedvanleg viktig» for Noreg og Europa, seier Gåsemyr.

Russland sin invasjonskrig skapar store utfordringar for Kina sin utanrikspolitikk. Kina jobbar hardt for at Europa ikkje skal distansere seg frå dei i same grad som USA no gjer.

Samtidig har mange europeiske land uttrykt sterk misnøye med at Beijing ikkje har fordømt invasjonen, og at Xi ikkje utøver eit sterkare press på Putin.

Pulitzers Photo Finalists

Gåsemyr meiner Ukraina-krigen, og kvar Kina stiller seg i forholdet til den, er svært viktig for forholdet deira med Noreg og Europa.

Foto: Natacha Pisarenko / AP

Gåsemyr meiner Ukraina-krigen, og kvar Kina stiller seg i forholdet til den, er svært viktig for forholdet deira med Noreg og Europa.

Foto: Natacha Pisarenko / AP

Gåsemyr trur at Huitfeldt kjem til å vere tydeleg om Noreg sin posisjon når det gjeld slike prinsippsaker, men framleis vise ei «vilje til og eit ønske om å samarbeide».

– Det er vanskeleg, altså, å vere politikar og handtere det for ei regjering. Då er det mykje enklare å vere opposisjon, eller utanfor regjeringa, og ha sterke prinsippsaker ein kan markere.

– Vi kjem ikkje vekk ifrå at vi er eit lite land med store interesser, som har alt å tape på at verda sluttar å samhandle.

SISTE NYTT

Siste nytt