Korrespondentbrev

Kinesisk student hylla Mao og forsvann

Teikneseriefiguren Karl Marx skal skapa kinesisk entusiasme for den verdskjende filosofen. Samstundes blir studentar som tar Marx og Mao på alvor arresterte.

Slik er Karl Marx som tegnefilmfigur

TEIKNESERIE: Den verdskjende filosofen Karl Marx blir framstilt som ein kjekk ung kar i kinesiske teikneseriar og filmar

Foto: Bili Bili

Zhan Zhenzhen er høg og mørk. Han liknar ein av dei attraktive unge mennene som kvinner i dagens Kina lengtar og leitar etter. Ein 21 år gamal mann med framtida føre seg. Ein såkalla 高富帅 (gao fu shuai), som på kinesisk betyr høg, rik og vakker.

Rik er Zhan likevel ikkje. Han kjem frå fattige kår, men inntil nyleg var han i ein svært gunstig posisjon. Han var biologistudent på det prestisjetunge Beijing-universitetet.

Zhan Zhenzhen

ZHAN: Studenten Zhan Zhenzhen blei arrestert og forsvann etter å ha tatt del i feiringa av landsfaderen Mao Zedong

Foto: Jiashi gongren syt

Zhan liknar også ein annan eg har sett i det siste. Ein teikneseriefigur. Også han høg, mørk og rakrygga. Det er den tyske filosofen Karl Marx som har fått nytt liv, der han no blir portrettert i kinesiske teikneseriebøker og i teiknefilm.

Ein mann frå ei anna tid og ei anna verd, skapt på ny i Kinas bilete.

Forsvunne

Lanseringa er eit forsøk på å børsta støv av ein filosof som har vore av stor betydning for Kinas utvikling, 200 år etter at han blei født.

Og sidan ungdommar sjeldan vil interessera seg for gamle menn med bustete hår og skjegg, er han i teikneserien portrettert meir tiltalande, som ein opprørsk ungdom.

Eg veit ikkje om Zhan har sett Karl Marx som teikneseriefigur, og eg får ikkje spurt han om det.

Zhan er nemleg forsvunne.

Det heile er litt absurd.

Marxist

Zhan er marxist. Karl Marx er hans store helt, men trass i at landet altså prøver å skapa entusiasme for den gamle filosofen, er det truleg nettopp Zhan sin djupe fascinasjon av Marx som gjer at ingen no veit kor han er.

I traileren om teikneseriefiguren Karl Marx står arbeidarane på barrikadane. Med løfta knyttnevar kjem ropet: «Arbeidarar. Endeleg står me samla og saman reiser me oss i protest».

China Mad for Marx

KARL MARX: Den tyske filosofen viser eit V-teikn i denne kinesiske illustrasjonen av han på ein mobiltelefon. Kina lanserte ei mediekampanje i mai 2018 for å feira at Marx blei fødd for 200 år sidan.

Foto: Ng Han Guan / AP

Zhan er del av den marxistiske klubben på Beijing-universitetet. Studentane engasjerer seg i arbeidarane sine kår, og då spesielt dei som jobbar på universitetsområdet.

Om arbeidarar blir dårleg behandla taler studentane deira sak. Ungdommane arrangerer fest, dans og fritidsaktivitetar for at arbeidarane skal ha noko å gleda seg til.

Kjærleik

Som med teikneseriefiguren Karl Marx handlar det om kjærleik.

Medan filmen handlar mest om kjærleiken til kona Jenny von Westphalen og forelskinga med henne, er det nestekjærleik som har stått mest på dagsorden hos Zhan.

Ifølge meiningsfeller skal ein av reingjeringsarbeidarane på Beijing-universitetet ha snakka om Zhan med eit smil. At Zhan alltid gjer sitt beste når han er med på å organisere aktivitetar, og at den unge mannen varetar alle etter beste evne.

Det burde vera etter boka. Kinas president Xi Jinping insisterer på at kinesarane ikkje må gløyma landet sine sosiale røter når den kinesiske draumen no står for døra. Han seier at Marx sine teoriar er heilt korrekte.

GERMANY-MARX/CHINA

PRESIDENT: Kinas president Xi Jinping talar varmt om Karl Marx som åtvara verda mot global kapitalisme. Samstundes hevdar mange at Kina er blitt meir kapitalistisk enn sosialistisk.

Foto: JASON LEE / Reuters

Filmen om Marx viser korleis filosofen blei god ven med Friedrich Engels, og korleis dette vennskapet førte til teorien om kommunisme.

Målet til kommunismen er eit samfunn utan sosiale klassar, pengar og statsmakt, og der ein har felles eige over produksjonsmidla. Eit samfunn der alle arbeider etter evne og får etter behov.

– Kapitalisme

Kinas styresmakter talar varmt om denne arven og kallar sin leveveg for «sosialisme med kinesiske karakteristikkar».

Det er likevel ikkje så mykje igjen av sosialismen i eit land der folk har fått mykje pengar mellom hendene, men der ulikskapen framleis er stor.

Mange vil hevda at det liknar meir på kapitalisme.

Det er denne ulikskapen marxistane vil til livs. Ofte kjem ungdommane som sluttar seg til marxist-klubbane frå dårlege kår, slik som Zhan.

Dei vil ha meir rettferdig behandling av slitarane i samfunnet. At ulikskapen skal bli mindre.

Difor er det også mogleg at dei kinesiske styresmaktene ser på marxistane sitt engasjement som ein protest mot at dagens Kina ikkje lever opp til korkje sosialismen eller kommunismen.

Det er i så fall ein farleg kritikk.

Støttedemonstrasjon for arbeidere ved Jasic-fabrikken i Shenzhen

MARXISTAR: Kinesiske ungdommar frå prestisjeuniversitet demonstrerte til støtte for arbeidarrørsla i Shenzhen i fjor sommar

Foto: SUE-LIN WONG / Reuters

Demonstrasjonar

Dramaet byrja i sommar. Arbeidarar på ein fabrikk i Shenzhen sør i Kina protesterte mot dårlege kår. Dei ville ha ei uavhengig fagforeining.

I Kina finst ikkje det.

Det finst berre ein paraplyorganisasjon som heiter «Den kinesiske føderasjonen av fagforeiningar,» men arbeidarane på fabrikken meinte at deira representantar ikkje gjorde anna enn å støtta leiinga på bedrifta.

Arbeidarane demonstrerte.

Saman med studentar frå ulike deler av landet reiste også Zhan til Shenzhen og hadde støttedemonstrasjonar. Ungdommane såg det som si sosialistiske arv å stå side om side med arbeidarane.

Det likte ikkje dei lokale styresmaktene.

Opprørspoliti storma leilegheita der studentane budde, og arresterte fleire.

Nokre forsvann.

Ny rektor

Medstudentar og fleire uteksaminerte studentar engasjerte seg i å finna dei som var forsvunne.

Det likte ikkje leiinga på Beijing universitetet.

I fjor fekk universitetet ein ny rektor og signala det sende var at det kom til å bli strengt. Qiu Shuiping har tidlegare vore sjefen til Den nasjonale etterretningstenesta sitt Beijing-kontor.

Likevel var det overraskande røft då ein av dei som stod i spissen for å finna dei sakna sjølv blei gripen.

Plakat av Marx under Kinas kulturrevolusjon

KULTURREVOLUSJON: Kinesiske rødegardister med boka Maos lille røde og plakat av Karl Marx, september 1966

Foto: Ap

Studentar fortel at svartkledde og maskerte menn kasta seg over folk og la dei i bakken like utanfor kantina på universitetet.

Etter først å ha tatt feil person tok dei den unge mannen dei hadde leita etter med seg i ein bil. Studentar som filma hendinga blei tvungne til å sletta alt materiale.

Redde studentar

Eg intervjua fleire av desse unge marxistane i vinter. Dei var redde for å bli arresterte og kasta ut av sine universitet.

Dei ville difor berre bli intervjua om dei blei anonymiserte. Me måtte vera svært forsiktige og avtalte på appar som skal vera trygge mot overvaking.

Med lua godt ned over andletet blei ein som kalla seg Karl filma slik at ingen kunne kjenna han igjen.

Ein annan var så redd for å bli sett med ein utlending at han ikkje ville treffa meg personleg.

Ein kinesar måtte difor gjera hemmelege opptak på vegner av meg. Korkje namn, stemme eller utsjånad kunne bli avslørt.

Studentane fortalde meg om refs frå lærarar som truga med alvorlege konsekvensar om ungdommane støtta opp om «ein ulovleg organisasjon med planar om å kasta regimet».

Foreldre blei ringt opp og kom springande til universiteta fordi dei frykta for søner og døtrer si framtid.

Ifølgje studentar på Beijing-universitetet blei dei nyleg tvungne til å sjå videoar av dei som blei arresterte eller forsvann, der desse stod fram som angrande syndarar.

Medstudentane fortel at dei som var på videoane hadde mørke ringar under auga og såg ut til å angra under tvang.

Video Tilbakeblikk på demonstrasjonene på Tiananmen-plassen

HIMMELSKE FREDS PLASS: Biletet av mannen med plastposane føre stridsvognene blei kjent verda over i 1989

Foto: Nyhetsspiller

Sensitiv vår

Truleg er det denne sensitive våren som gjer at styresmaktene fryktar det sterke engasjementet frå studentane og dei marxistiske klubbane blir lagt ned.

Kinesiske universitet har tidlegare vore vogga til sterke radikale rørsler.

Fjerde mai er det 100 år sidan fleire tusen studentar samla seg på Den himmelske freds plass og blant anna kritiserte eigne styresmakter.

Fjerde juni er det 30 år sidan det mest liberale kapittelet i kinesisk historie enda med Massakren på den himmelske freds plass.

Også det byrja med eit studentopprør.

Styresmaktene er difor vare på alt som kan vera ein gneiste til eit for stort engasjement. Det kan jo bli til eit flammande opprør.

Hylla Mao

Kinesiske ungdommar er førebels lunkne til lanseringa av teikneseriefiguren Karl Marx på nett-tenesta Bilibili. Mange meiner at denne Karl er for glatt til å vera sann.

Mao Zedong, 1966

MAO: Grunnleggaren av Folkerepublikken Kina, Mao Zedong, var begeistra for Karl Marx sine teoriar.

Foto: Ap

Samstundes straffer det seg altså å bli for engasjert i filosofen sine tekstar og teoriar.

Zhan Zhenzhen blei arrestert og forsvann då han hylla Kinas landsfader Mao Zedong på hans fødselsdag.

Mao hadde også Karl Marx som sin helt.

No har me fått vita a Zhan også er blitt kasta ut av universitetet.

Og med det er hans framtid knust.

Moralen frå dette er då kanskje «marxisme i teori, men ikkje i praksis».

SISTE NYTT

Siste nytt