Nord-Koreas president og diktator Kim Jong-Il likar ikkje det USA har kalla landet hans ved ulike høve dei siste åra. Det gjeld fråsegner som at Nord-Korea er ein del av "vondskapens akse", og at landet er "tyranniets utpost".
Kim Jong-il er president i Nord-Korea. (Foto: AFP/Scanpix)
Ein talsmann for den nordkoreanske leiaren seier at det no er opp til USA å syte for dei rette forholda, slik at sekslandssamtalane om Korea kan halde fram.
- USA bør trekkje tilbake desse skuldingane og avslutte den fiendtlege politikken overfor Nord-Korea, som har eit regimeskifte som mål. USA må uttrykkje sin politiske vilje til fredeleg sameksistens med Nord-Korea, og vise denne viljen i praksis, heiter det i fråsegna frå nordkoreanske styresmakter.
Ein amerikansk talsmann avviser kravet frå Nord-Korea, og seier at Korea-samtalane må takast opp att snarast, og utan vilkår.
Dei seks partane som har delteke i forhandlingane er: Dei to koreanske statane, USA, Japan, Kina og Russland.
Det er særleg spørsmålet om det nordkoreanske atomprogrammet som har stått i fokus i forhandlingane hittil.
Sist månad gjekk Nord-Korea ut og sa at landet alt er ei atommakt, og at dei trekte seg frå dei vidare forhandlingane.
Dette skapte sterke reaksjonar i nabolanda, men det er førebels uklart om Nord-Korea har ferdige atomvåpen. Det er semje om at landet har eit godt utvikla atomprogram, men ekspertar er ikkje sikre på om dei har evne til å avfyre atomvåpen.
Ein del observatørar trur atomutspelet var eit forsøk på å skremme, og eit ynskje om å stå sterkare ved eventuelt nye forhandlingar.