Kim Jung-un inn i sentralkomitéen

Den yngste sonen til statsleiar Kim Jung-il, Kim Jung-un, er utnemnd til medlem av sentralkomitéen i Nord-Korea.

Kim og Kim og Kim

Udaterte bilete av grunnleggjaren og tidlegare statsleiar Kim Il-sung, son og noverande leiar Kim Jong-il og mannen som ein trur er den yngste sonesonen, Kim Jong-un, som no seglar opp som favoritt til å bli den neste leiaren i Nord-Korea.

Foto: YONHAP / Reuters

Kim Jung-un er venta å vere mannen som tar over leiarvervet i Nord-Korea etter faren Kim Jung-il.

Sonen, som truleg er i slutten av 20-åra, fekk i går tittelen general, noko som var det første steget på vegen mot toppen.

Jung-un er no også valgt inn i som offisielt medlem av sentralkomiteen, melder nyheitsbyrået Reuters.

– Dette betyr definitivt at Kim Jung-un blir etterfølgjaren, seier Yang Moo-jin ved Universitetet for Nord-Korea-studiar i Seoul, hovudstaden i Sør-Korea.

Kim Jung-il held fram i stillinga som generalsekretær i kommunistpartiet. Han vart gjenvalt på det første partimøtet på 30 år.

SISTE NYTT

Siste nytt