Hopp til innhold

Kim Jong-un: - Vi kan angripe USAs fastland

Nord-Koreas leiar Kim Jong-un kallar rakettoppskytinga frå ein ubåt onsdag, for «suksessen over alle suksessar». Han hevdar landet no er i stand til å angripe mål på det amerikanske fastlandet.

Kim Jong-un feirar rakettoppskyting.

Nordkoreansk fjernsyn viste rakettoppskytinga direkte, og Kim Jong-un viste stor glede over den vellukka testen.

Foto: JUNG YEON-JE / Afp

Det var natt til onsdag norsk tid at ein nordkoreanske ubåt fyrte av ein ballistisk rakett som landa 500 kilometer frå utskytingsstaden, og innanfor den japanske luftforsvarssona. Dette er ny rekord for kommuniststaten.

Det offisielle nordkoreanske nyheitsbyrået KCNA melder at landet no plasserer seg i fremste rekkje blant militærmakter som er i stand til å gjennomføre eit atomangrep.

– Kan angripe USAs fastland

Kim Jong-un

Nord-Koreas sterke mann Kim Jong-un har vist stor interesse for det nordkoreanske rakettprogrammet.

Foto: KCNA / AFP

Det heiter vidare at Nord-Korea no er i stand til å angripe det amerikanske fastlandet. Her er det viktig å hugse at det er 5000 kilometer til nordkysten av USA i Alaska, medan det er over 8000 kilometer frå Nord-Korea til California.

Ei kjelde i det sørkoreanske forsvaret, som overvaka oppskytinga, seier at den nordkoreanske raketten, eller missilet, har ei rekkevidd på opptil 2500 kilometer når drivstoffkapasiteten er fullt utnytta.

Sjefen sjølv, Kim Jong-un, seier at den nordkoreanske kapasiteten aukar heile tida.

Kapasitet for atomvåpen

– Den vonde atomtrusselen frå USA og utpressing av Nord-Korea resulterer i styrking av kapasiteten vår for atomangrep time for time, seier han til nordkoreanske nyheitsmedium.

Nordkoreansk rakettoppskyting.

Nordkoreansk fjernsyn hadde brei dekning av prøveskytinga av ein ballistisk rakett frå ein ubåt i Gulehavet.

Foto: JUNG YEON-JE / Afp
Nordkoreansk rakettoppskyting.

Den nordkoreanske fjernsynssendinga vart også vist i Sør-Korea. Her følgjer sørkoreansk soldat ivrig med på sendinga, der Kim Jong-un brukar kikkerten for å få med seg oppskytinga.

Foto: Ahn Young-joon / Ap

Nordkoreanske styresmakter har gått hardt ut mot ei militærøving i Sør-Korea, der 25.000 soldatar frå USA deltek saman med mannskap frå det sørkoreanske forsvaret. Leiarane i Pyongyang seier at øvinga er førebuing til ein invasjon av Nord-Korea, og dei varsla sterke mottiltak.

Rakettoppskytinga er truleg mottiltaket landet har varsla.

Nord-Korea har alt kapasitet til å kunne angripe mål både i Sør-Korea og Japan med sine landbaserte rakettvåpen, inkludert amerikanske basar. Men utviklinga av eit rakettvåpen som kan skytast ut frå ubåtar, er truleg eit stort steg framover for kommuniststaten.

Nord-Korea kaller avhopper for «menneskelig avskum»

– Nord-Korea legger miner for å hindre avhopp

– Forserer sjølvøydelegging

Kim Jong-un sjølv fylgde rakettoppskytinga frå ein plattform på land, og han var tydeleg fornøgd med det han såg.

– Eg veit ikkje kva latterlege utsegner USA og landet sine støttespelarar vil kome med om denne prøveoppskytinga, men same kva dei kjem med, så vil det berre forsere deira sjølvøydelegging, seier den unge diktatoren.

USA og Japan har kravd eit møte i Tryggingsrådet i FN etter oppskytinga, og kjelder i FN-hovudkvarteret i New York seier at det kan bli semje om ein fordømmande tekst i løpet av kort tid.

Da Arbeiderpartiet møtte «den store leder»

SISTE NYTT

Siste nytt