Viss dette stemmer og blir stadfesta, kan det setje ein stoppar for veker med spekulasjonar rundt eineherskaren si helse og arverekkefølgja i det lukka landet.
Ifølgje KCNA klipte Kim bandet ved opninga av ein ny gjødselfabrikk i Sunchon nord for hovudstaden Pyongyang fredag, og han vart motteken med «torande applaus» og hurrarop.
Sørkoreansk TV melder at Kim Jong-un har vist seg i Sunchon. Bildet av Kim Jong-un som vert vist på TV-skjermen, skal vere frå fredag, tre veker etter at han sist vart sett offentleg.
Foto: Ahn Young-joon / AP/NTB ScanpixEtter innviinga inspiserte han ifølgje nyheitsbyrået fabrikken og gav uttrykk for at bestefaren hans, Kim Il-sung, og faren Kim Jong-il ville ha vore svært fornøgde om dei hadde høyrt om fabrikken.
Bilde som er viste på sørkoreansk fjernsyn, er oppgitt å vere frå fredag denne veka, ifølgje det sørkoreanske nyheitsbyrået Yonhap.
ARKIVBILDE: Dette bildet av Kim Jong-un skal ha vorte teke i feriebyen Wonsan i august 2017. Kona Ri Sol Ju til venstre. Kim har truleg vore i skjul i Wonsan.
Foto: STR / AFP/NTB ScanpixRykta starta etter veker med tausheit
Kim har ikkje vist seg offentleg sidan han var til stades ved eit møte i leiinga av arbeidarpartiet i landet 11. april, og det har vore spekulert i om han var død eller alvorleg sjuk etter hjarteoperasjon.
USA sin president Donald Trump, som tidlegare har ønskt Kim Jong-un god betring, ville ikkje kommentere dei nye opplysningane fredag kveld.
Satellittbildet avslørte gøymestad
Mykje tyder på at han kan ha halde til på feriestaden sin i Wonsan som ligg på austkysten av landet, ut mot Japanhavet. Toget hans er observert på stasjonen der av amerikanske satellittar.
Dette satellittbildet frå 23. april viser at Kim Jong-uns private tog hadde stått parkert i feriebyen Wonsan i minst fem dagar.
Foto: Planet Labs/38 NORTH/AP/NTB ScanpixDet er mogleg at frykt for koronasmitte har ført til at han har halde seg i ro.
Rykta rundt helsetilstanden til leiaren har ført til mange spekulasjonar rundt arverekkefølgja i landet. Både Kim sin bestefar og far var døde i to dagar før nokon utanfor den inste marksirkelen i Nord-Korea visste noko som helst.
Søstera, Kim Yo-jong, har vore nemnd mange gonger som ein mogeleg etterfølgjar dei siste vekene.
MOGLEG ETTERFØLGJAR: Kim Yo-jong, søstera til Kim Jong-un.
Foto: Patrick Semansky / Patrick SemanskyVil du ha nyheitsbrev frå NRK Urix?