Hopp til innhold

Nord-Korea innrømmer at matsituasjonen er utfordrande

Nord-Koreas leiar Kim Jong-un vedgår at matsituasjonen i landet er «anstrengt», melder statlege medium. Nord-Korea-forskar meiner landets noverande leiar skil seg frå forgjengarane.

Kim Jong-un

I ein tale til kommunistpartiet åtvara Nord-Koreas leiar Kim Jong-un mot matmangel i landet. Han bad også folk vere klare for fleire strengare koronatiltak.

Foto: KCNA via AP

Nord-Koreas atomprogram gjer at landet er ramma av internasjonale sanksjonar. Samtidig har landet i lang tid hatt vanskar med å skaffe nok mat.

I fjor la pandemien, uver og flaum meir press på den nordkoreanske økonomien.

Under eit møte i det nordkoreanske kommunistpartiet sa Kim at økonomien hadde betra seg litt i år, ifølge AFP, som siterer det offisielle KCNA-nyheitsbyrået.

Men han la til at det hadde vore «ein serie avvik» i fjor som skapte utfordringar for landet.

– Matsituasjonen har begynt å bli anstrengt etter at landbruket ikkje klarte å følge planen for kornproduksjonen på grunn av skadane som kom med tyfonane i fjor, sa han.

Kim etterlyste tiltak for å minske skadane etter naturkatastrofar og å sikre ein god haust i år.

Møte i kommunistpartiet i Nord-Korea

Kim Jong-un talte under eit møte i kommunistpartiet i Nord-Korea.

Foto: KCNA via AP

Drøfta korona

Møtet diskuterte også dei langsiktige konsekvensane av pandemien, rapporterte det statlege nyheitsbyrået.

Kim skal blant anna ha bede folk om å gjere seg klare for seg på fleire og strengare koronarestriksjonar.

Landet har eit dårleg utbygd helsevesen og manglar medisinar. Analytikarar meiner eit stort koronautbrot kan føre til kaos i det isolerte landet.

Nord-Korea stengde grensa i januar i fjor for å stoppe spreiing av viruset frå nabolandet Kina. Stenginga av grensa har også bidrege til trongare tider. Handelen med nabolandet har vore viktig for den nordkoreanske økonomien.

No er samarbeidet på eit minimum, samtidig som at alt det internasjonalt bistandsarbeidet skjer med stramme restriksjonar.

Skil seg frå forgjengarane

Det er ikkje første gong Kim har vedgått at situasjonen er utfordrande. Seinast i april bad han innbyggarane gjere seg klare for «tidenes verste situasjon».

Då han tok over som landets leiar i 2011, innrømma han at ting hadde gått feil under faren Kim Jong-il, og at mange hadde svelta under hungersnauda på 1990-talet.

Geir Helgesen

Forskar på Aust-Asia Geir Helgesen har følgd Nord-Korea i snart 40 år, og meiner landet er inne i ei positiv utvikling.

Foto: NRK

– Han vedgjekk at det ikkje stod så bra til, og sa at han skulle starte arbeidet med å gjere ting betre, seier Aust-Asia-forskar Geir Helgesen til NRK.

Han har følgd Nord-Korea i snart 40 år, og har vore i landet fleire gongar. Han meiner mange vestlege land heng igjen i eit gammal bilde av Nord-Korea, og ikkje ser at Kim Jong-un skil seg frå forgjengarane.

– Det er mykje som tyder på at tredje generasjon leiar i Nord-Korea er annleis enn forgjengarane. Han har opna meir for omverda, og har møtt internasjonale statsleiarar.

Helgesen fryktar Vestens skjerpa tone overfor Kina, skal slå negativt ut for Nord-Korea.

– Ein kald krig mot Kina, vil overskygge Nord-Korea. Det kan føre til at også nordkoreanarane meiner dei må henge seg på kappløpet, seier han.

SISTE NYTT

Siste nytt