Hopp til innhold

Kim Jong-un kan sende rakett-helsing til Trump

Det blir spekulert i om Nord-Koreas leiar Kim Jong-un har planar om å teste ein ny interkontinental rakett, som kan nå mål i USA, samstundes som Donald Trump blir innsett som president.

Tidlegare nordkoreansk prøveoppskyting.

Det blir spekulert i om Nord-Korea vil prøveskyte ein interkontinental rakett samstundes som Donald Trump blir innsett som president i USA. Her frå ei tidlegare nordkoreansk rakettoppskyting.

Foto: Kcna / Reuters

Ifølgje det sørkoreanske nyheitsbyrået Yonhap, som siterer militære kjelder, så har Nord-Korea oppgradert det alt eksisterande rakettvåpenet sitt med interkontinentale rakettar. Dei ventar ei testoppskyting når som helst, heiter det.

Spionsatellittar har fanga opp aktivitet som tyder på at det nordkoreanske regimet er i ferd med å setje saman rakettar og plassere dei på mobile utskytingsrampar.

– Truverdige opplysningar

Kim Jong-un på tur.

Det nordkoreanske nyheitsbyrået sende i dag ut ferske bilete av Kim Jong-un.

Foto: Kcna / Reuters

Ekspertar på nordkoreansk politikk seier til nyheitsbyrået Reuters at opplysningane verkar truverdige. Det blir spekulert i om Kim Jong-un vil gjennomføre prøveoppskytinga samstundes med at Donald Trump blir innsett som ny president i USA fredag.

Sørkoreanske styresmakter seier i ei offisiell fråsegn at dei ikkje kan stadfeste meldingane i Yonhap og andre nyheitsmedium i landet.

Dei interkontinentale rakettane, som skal kunne nå mål i USA, er plasserte ut på mobile utskytingsrampar. Rakettane skal ha ei rekkjevidd på 2500 kilometer.

Sjølv om Nord-Korea høgst truleg har atomvåpen, så manglar dei teknologien som kan utstyre rakettane med atomvåpen, ifølgje kjennarar av landet.

Kim Jong-un inspiserer soldatar.

Det statlege fjernsynet i Nord-Korea sende ut dette biletet av Kim Jong-un som inspiserer soldatar i Pyongyang i dag. Som vanleg var entusiasmen blant soldatane stor.

Foto: Kcna / Reuters

– Vil ta fleire år

Professor Kim Dong-yeob ved Kyungnam-universitetet si avdeling for Nord-Korea-forsking, seier til Yonhap at det truleg vil ta to til tre år før Nord-Korea vil greie å meistre teknologien som skal til for å sende ein rakett over så lange avstandar.

Han meiner det vil ytterlegare fem år før landet er i stand til å gjere rakettane militært operative.

 Donald Trump

Donald Trump har gjort det klart at det vil aldri skje at Nord-Korea skal kunne nå USA med atomvåpen.

Foto: Evan Vucci / AP

I sin årlege nyttårstale sa Kim Jong-un at Nord-Korea no er i den siste innspurten i utviklinga av interkontinentale rakettar. Utanriksdepartementet sende ut ei fråsegn 8. januar i år om at landet er klar til å teste ein internkontinental rakett når leiarane i landet gir ordre til det .

– Kjem ikkje til å skje

Donald Trump skreiv på Twitter etter nyttårstalen til Kim Jong-un at det aldri kjem til å skje at Nord-Korea vil greie å utvikle eit rakettvåpen som kan nå USA med atomvåpen .

Ein talsmann for det amerikanske forsvarsdepartementet Pentagon seier at dei ikkje veit kva type rakettar Nord-Korea kan vere i ferd med å teste, men at USA er klar for å møte alle truslar som måtte kome frå landet.

Nord-Korea: – Obama bør bruke tiden på å pakke

SISTE NYTT

Siste nytt