Hopp til innhold

Kim Jong-il på fjernsyn

Nordkoreansk fjernsyn har vist bilete av Kim Jong-il, etter ein rykteflaum om at han er alvorleg sjuk.

Kim Jong Il på et stillsbilete frå nordkoreansk fjernsyn.

Kim Jong Il kledd i sivil på ei militærøving.

Foto: KCNA / REUTERS

Video nsps_upload_2008_11_5_15_3_45_243.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Det har den siste tida versert hardnakka rykte om at den nordkoreanske diktatoren Kim Jong-il er alvorleg sjuk.

Dette er truleg årsaka til at nordkoreansk fjernsyn har viste bilete av leiaren. Men det berre snakk om stillbilete, og det er umogleg å stadfeste at dei er ferske.

Bileta viser Kim, som også er øvste leiaren for dei væpna styrkane, som inspiserer ei militærøving.

Han er kledd i sivil, og han ser relativt sprek ut. Observatørar har likevel lagt merke til at han held den eine handa rett ned på bileta, noko som kan tolkast som om at han verkeleg har hatt slag.

Det blir elles sagt at det ser ut som Kim Jong-il har gått ned nokre kilo, men at det ut frå bileta ikkje er noko som tyder på at han har har hatt ein hjerneoperasjon. Dette har det også vore heftige spekulasjonar om den siste tida.

Japansk etterretning, som ofte har vist seg å ha god informasjon om situasjonen i det lukka landet Nord-Korea, meiner at Kim har hatt slag, men at han framleis har full kontroll over makta i andet.

Den nordkoreanske leiaren er også fotografert under ein fotballkamp, men det blir ikkje opplyst kvar eller når bileta er tekne.

Kim Jong Il saman med ei gruppe soldatar

Kim Jong Il er også øvstkommanderande for det nordkoreanske forsvaret.

Foto: KCNA / REUTERS
Kim Jong Il på ei miliitærøving.

Kim Jong Il saman med offiserar på ei militærøving.

Foto: HO / REUTERS

SISTE NYTT

Siste nytt