Khodorkovskij må dermed sona ytterlegare seks år bak murane.
Den tidlegare oljemilliardæren sonar frå før ein dom på åtte års fengsel som er ferdig sona neste år, men får no forlenga straffa og blir sitjande i fengsel fram til 2017.
Milliontjuveri
Han er funnen skuldig i tjuveri av 218 millionar tonn olje og kvitevasking av store pengebeløp medan han var eigar av oljeselskapet Yukos.
Tjuveriet av olje, til ein verdi av 155 millionar kroner, skal ha skjedd i perioden 1998-2003.
– Dommen på 14års fengsel er ikkje ein dom, men ei lovstridig avgjersle og eit resultat av sterkt press frå statsminister Vladimir Putin, seier forsvaradvokat Yuri Shmidt til AFP.
LES OGSÅ: – Vil ikke dø i fengsel
– Putins verk
Støttespelarane til den tidlegare russiske oljemilliardæren meiner rettsprosessen er politisk motivert, fordi han 1990-talet markerte seg som ein kritikar av dåverande president Vladimir Putin og finansierte opposisjonen.
– Rettssaka mot Khodorkovskij er problematisk for president Medvedevs forsøk på å skapa ein rettsstat i Russland, seier assisterande direktør i Fritjof Nansens institutt, Arild Moe til NRK.
«Svært bekymra»
Land som Tyskland, Frankrike og USA har tidlegare uttalt at dommen vil ha ein negativ innverknad på Russland sitt omdøme.
Den tyske regjeringa gjentok torsdag at dei er «svært bekymra» over domfellinga.
Russiske styresmakter meiner derimot at Khodorkovskij er ein korrupt forretningsmann som har tent seg styrtrik på ulovleg vis.