Hopp til innhold

Khashoggi-trulova seier nei til Trump-invitasjon

Hatice Cengiz, som skulle gifte seg med den saudiarabiske journalisten Jamal Khashoggi, seier ho har takka nei til ein invitasjon frå Det kvite hus.

Hatice Cengiz.

Hatice Cengiz, som skulle gifte seg med Jamal Khashoggi, har takka nei til ein invitasjon frå Det kvite hus.

Foto: Haberturk / AP

Hatice Cengiz, som er tyrkisk statsborgar, sa på tyrkisk fjernsyn i går kveld at ho ikkje trur president Donald Trump meiner alvor når han seier at han vil ha ei skikkeleg etterforsking av drapet på Khashoggi.

– Eg trur han inviterte meg til Det kvite hus for å påverke folkemeininga i USA, sa ho blant anna i intervjuet, ifølgje BBC .

– Må stillast til ansvar

– Eg krev at alle som var involverte i dette barbariet blir stilte til ansvar, hiksta ho fram, medan tårene rann.

Jamal Khashoggi.

Jamal Khashoggi vart drepen inne i det saudiarabiske konsulatet i Istanbul for tre veker sidan.

Foto: Stringer / AFP

Ho sa også at saudiarabiske styresmakter ikkje har teke kontakt med henne, og at det er usannsynleg at ho vil reise til landet i ei eventuell gravferd. Liket til Khashoggi er ikkje funne.

Det er tre veker sidan at Khashoggi vart drepen av det som truleg var saudiarabiske agentar i det saudiarabiske konsulatet i den tyrkiske storbyen Istanbul. Styresmaktene i Riyadh nektar for at den saudiske kongefamilien vart involvert i drapet, og dei hevdar at drapsmennene handla på eiga hand.

– For retten i Saudi-Arabia

Samstundes seier utanriksminister Adel al-Jubeir at dei ansvarlege for drapet vil bli stilte for retten i Saudi-Arabia, og at etterforskinga vil ta tid. Han seier også at forholdet til USA er «stålsolid».

Med dette avviser han truleg kravet til den tyrkiske presidenten Recep Tayyip Erdogan om at dei 18 saudiarabiske statsborgarane som er mistenkte for drapet, blir utleverte til Tyrkia for å bli stilte for retten der.

Jubeir seier også at den internasjonale fordømminga av drapet er «hysterisk», og han skuldar både media og politikarar for å dømme Saudi-Arabia før etterforskinga er ferdig.

Saudi-Arabia har gått frå skanse til skanse i denne saka. Først sa styresmaktene at landet ikkje hadde noko med drapet å gjere. Seinare har den riksadvokaten i landet sagt at det ikkje er tvil om at drapet var planlagt i Saudi-Arabia.

Det saudidarabiske konsulatet i Istanbul.

Jamal Khashoggi vart truleg drepen inne på det saudiarabiske konsulatet i Istanbul i Tyrkia.

Foto: Murad Sezer / Reuters

Ikkje nøgd med Saudi-Arabia

USAs president Donald Trump har sagt at han ikkje er nøgd med måten Saudi-Arabia har handtert denne saka på. Han har likevel gjort det klart at forholdet mellom dei to landa er svært viktig.

Presidenten har ifølgje BBC også sagt at det er mogleg at kronprins Mohammed bin Salman ikkje visste om drapet. Kronprinsen sjølv har lova at dei som står bak drapet skal straffast.

I går reiste den eldste sonen til Khashoggi frå Saudi-Arabia til USA saman med familien sin. Han er både amerikansk og saudiarabisk statsborgar. Han har tidlegare vore nekta å forlate landet på grunn av faren sine kritiske artiklar om forholda i kongedømmet, men fekk utreiseløyve etter at faren vart drepen.

Tidlegare denne veka møtte han også kongen og kronprinsen i Riyadh .

SISTE NYTT

Siste nytt