Hopp til innhold

Bruker gamle Sovjet-bomber i Kharkiv: – Terroriserer folk

Dei har lege på lager sidan den kalde krigen. Med toppmoderne venger og GPS skapar dei russiske glidebombene enorme øydeleggingar i Ukraina.

Dette er øydeleggingane etter ei kraftig russisk bombe sist helg.

EIN STOR EKSPLOSJON: Russiske glidebomber er kjende for å skape store øydeleggingar. Ukraina hevdar det vart skote ut 800 slike i løpet av sist veke.

Foto: Jan Espen Kruse / NRK

Midt i Kharkiv sentrum står ei bustadblokk i tverrsnitt. Noko kraftig har trengt seg inn gjennom taket, og rive med seg golv og vegger i alle fire etasjar.

Dette er effekten av ei russisk glidebombe.

Olga Djakovetska var inne i leilegheita si då ei slik bombe trefte bygget sist veke. Ein person vart drepen, og ni vart såra.

Olga Djakovetska

Djakovetska og mannen hennar overlevde angrepet. Men ein av naboane vart drepen.

Foto: Jan Espen Kruse / NRK

– Då eg såg ut vindauget i stova, såg eg mange øydelagde bilar og skadde menneske. Eg forstod at det hadde skjedd ein eksplosjon, seier ho til NRK.

– Eg mobiliserte meg sjølv i det augneblikket. Eg tenkte på korleis eg skulle hjelpe mannen min og katten. Den sterke frykta kom dagen etterpå.

Eit gammalt ess i ermet

Glidebombene stammar frå Sovjet-tida, og har vorte eitt av Russland sine viktigaste våpen i Ukraina-krigen.

Dei er nemleg svært kraftige, etter forholda billige, og finst i hundretusenvis på russiske lager etter den kalde krigen, ifølge BBC.

På ein fabrikk utanfor Moskva får bombene på opp til 3000 kilo eit moderne navigasjonssystem med høgt presisjonsnivå. Dei får også små venger som vert aktiverte i lufta.

Russisk glidebombe

Det russiske forsvarsdepartementet har offentleggjort bilete av glidebomber som vert brukte mot mål i Ukraina.

Foto: Russlands forsvarsdepartement

Med desse effektane kan bombene gli på skrå nedover mot måla sine, og påføre ukrainske mål enorme skader på god avstand – til og med inne frå russisk luftrom.

Ein rapport frå Centre for European Policy Analysis (CEPA) slår fast at dei var avgjerande for at russarane greidde å ta kontroll over nøkkelbyen Avdiivka i den okkuperte Donetsk-regionen i februar.

Og no bruker russiske styrker bombene mot Kharkiv i nordaust. Ukraina slit med å kjempe mot dei.

Russia Ukraine War Scorched Earth

Det russiske forsvarsdepartementet har sjølve sendt ut ein video av ei glidebombe som vert skoten ut frå eit fly. Det er ikkje kjent kvar eller når videoen er filma.

Foto: AP

– Terroriserer folk i Kharkiv

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj sa i helga at Russland hadde skote ut 800 bomber av denne typen i løpet av veka som var.

Mange av dei treff Kharkiv fylke og Kharkiv by.

Handlesenter

For litt over ein månad sidan vart dette kjøpesenteret i Kharkiv angripe. 18 menneske vart drepne, og fleire titals såra.

Foto: Jan Espen Kruse / NRK

Dei NRK har snakka med fortel at dei er redde, fordi dei aldri veit kvar eller når glidebombene vil slå ned. Dei seier det er ein form for terror frå russisk side.

– Heile tida skjer det eksplosjonar frå store bomber. Folk døyr. Det er mange som er såra, seier ein av dei, Oleg Shnurenko.

– Vi kan ikkje jage vekk flya deira, for vi har ikkje luftvern. Dei brukar dette for å terrorisere folk i Kharkiv og i heile fylket.

Oleg Shnurenko

Shnurenko seier at dei som bur i Kharkiv er i ein «sørgeleg situasjon».

Foto: Jan Espen Kruse / NRK

Om lag 30 kilometer unna ligg den russiske grensa. Dei harde kampane rasar altså berre 15 til 20 kilometer frå der Shnurenko står.

No ønsker Zelenskyj seg fleire luftvernsystem for å stå imot dei russiske bombeangrepa. Etter lovande utsegn frå USAs forsvarsdepartement i natt, kan det sjå ut som at ønsket vert innfridd på Nato-møtet i Washington neste veke.

Bombeangrep «kvar dag»

«Kharkiv er uovervinneleg», står det på ein stor plakat i sentrum av byen, som er dobbelt så stor som Oslo. Men folka som bur her merkar svært godt at krigen er nærme.

Nattehimmelen vert lyst opp av eksplosjonar ved fronten kvar kveld. Flyalarmen går opp mot ti gongar i døgnet. Med få dagars mellomrom fell bombar som øydelegg store område av byen.

– Kvar dag vert vi råka av bombeangrep, fortel unge Anastasia Kustava til NRK.

– Vi høyrer eksplosjonar frå fronten heile tida. Det er skremmande å bu her. Sivile lid, og det er svært synd.

«Kharkiv er uovervinneleg», heiter det på plakaten.

Skiltet står ved eit bygg som er i ferd med å restaurerast. Men byen vert stadig råka av nye angrep.

Foto: Jan Espen Kruse / NRK

NRK møter også studenten Vitalij Kurshunmov (18). Også han er prega av det som skjer.

– Eg blei fødd i ein landsby i nærleiken, som no vert skoten mot av russiske soldatar kvar dag. Eg er redd for kampane, og det er forferdeleg å leve her.

Til å vere ein by med om lag ein million innbyggarar, ser ein lite folk i gatene. Mange held seg heime og håpar dei er tryggare der.

– Ingen kan sjå for seg kor frykteleg det er, seier Djakovetska.

SISTE NYTT

Siste meldinger

Donald Trump håndhilser på Kamala Harris.

Harris vant debatten: – Et skikkelig gjennombrudd

Harris lykkes i å vippe Trump av pinnen. Selv Fox News kåret henne til vinner. Men det spørs om det er nok for å mobilisere velgerne hun trenger.

Harris-Trump presidential debate hosted by ABC in Philadelphia, Pennsylvania

Harris fant Trumps sinnaknapp

Kamala Harris nådde sitt viktigste mål i sitt første møte med Donald Trump: Å vippe ham av pinnen.

TOPSHOT - US Vice President and Democratic presidential candidate Kamala Harris (R) shakes hands with former US President and Republican presidential candidate Donald Trump during a presidential debate at the National Constitution Center in Philadelphia, Pennsylvania, on September 10, 2024. (Photo by SAUL LOEB / AFP)

– Virker ikke som om han har det noe gøy

Kamala Harris så ut til å more seg under presidentdebatten, mener USA-ekspert. Kontrasten var stor til Donald Trump.