Hopp til innhold
Urix forklarer

Kenyas evige nummer to kan gå til topps

I 2007 enda det nesten i borgarkrig då Raila Odinga tapte på målstreken. Førre val tapte han også. No prøver 77-åringen, som har vore i eksil i Noreg, seg på ny.

Raila Odinga står på ein scene inne på ein stadion og taler. Det kenyanske flagget vaier bak han.

Raila Odinga samla i helga sine tilhengjarar på Kasarani stadion, i utkanten av Nairobi. Han leiar på meiningsmålingane rett før valet.

Foto: MONICAH MWANGI / Reuters

Romjula 2007. Det var som eit korthus som falt saman: Med ei gong det vart turbulent, kollapsa Kenyas demokrati.

Kenya skulle halde sitt andre demokratiske val. Optimismen var stor, og Kenyas demokrati skulle styrke seg då Raila Odinga utfordra president Mwai Kibaki.

Men samtidig som nordmenn deltok i familiemiddagar og såg julefilmar på TV-en, så utvikla det seg til eit mareritt i Kenya.

Over tusen drepne på to månader

Eit par dagar etter valdagen, hadde anarkiet erstatta demokratiet i Kenya.

Folk vart drepne på open gate, små hus vart sette fyr på og landet var djupt nedi ei nasjonal krise der etniske grupper plutseleg var i blodig konflikt.

Tilhengjarane til Raila Odinga meinte president Kibaki juksa seg til siger.

Ein del valkretsar hadde dryge lenge med å melde inn valresultata, og Kibaki gjekk så vidt forbi Odinga heilt på oppløpssida.

Det skapte bråk. To av dei største folkegruppene i Kenya var plutseleg i ein dødeleg konflikt med kvarandre. For Kibaki var kikuyu, og blei støtta av sine eigne. Det same blei Odinga, som var luo.

Over tusen menneske vart drepne på dei to månadene det tok å finne ei løysing som enda med at Kibaki og Odinga delte på makta i landet.

Les også Trodde du det norske valget var dramatisk? Les historien om valggrøsseren i Kenya

Kenya Elections

Val og vald – ikkje lenger to sider av same sak

9. august 2022. Kenyas demokrati skal på ny settast på prøve. Raila Odinga (77) er framleis ein av dei som håper å vinne. Etnisitet spelar framleis ei politisk rolle i Kenya. Men viktige endringar gjev håp om at årets val kan gå greitt likevel.

Kenya fekk ny grunnlov etter valuroen for femten år sidan.

  • I dag er det eit tydelegare skilje mellom rettsvesenet og den politiske makta. Dermed er det også større tillit til at rettssystemet kan ta stilling til eventuell valjuks.
  • Skulle det bli like jamt resultat som i 2007, er det no krav om ein ny runde om ikkje vinnaren får over 50 prosent av stemmene.
  • Det er også krav om at det trengst minst 25 prosent oppslutning i minst halvparten av valdistrikta for å vinne. Dette er for å sørge for brei geografisk støtte.
  • I tillegg er meir makt flytta ut til lokale og regionale nivå.

Desse, og ei rekkje andre tiltak, har gjort det mindre avgjerande for kva etnisk bakgrunn presidentkandidatane har.

At ingen av årets favorittar kjem frå den største etniske gruppa i Kenya er også noko nytt, og det gjer den etniske dimensjonen litt annleis enn før.

Ein kenyansk mann sit framfor eit brennande dekk. Han var ein av fleire som i 2017 ville hindre folk frå å nå eit stemmelokale i Mathare i Nairobi.

Det er mykje uro rundt kenyanske val, sjølv om valden er mindre enn før. I 2017 sette folk i Mathare fyr på dekke, for å forsøke å hindre at veljarar nådde fram til eit vallokale i den fattige bydelen i Nairobi.

Foto: LUIS TATO / AFP

Odinga – superveteranen som har vore i eksil i Noreg

Han som leiar på meiningsmålingane heiter Raila Odinga, og er ein veteran i kenyansk politikk. Det er femte gongen Odinga er presidentkandidat.

Odinga er son til Kenyas første visepresident, og er vaksen opp med langt meir rikdom enn kenyanarar flest.

Les også Opposisjonsleder innsatte seg selv som folkets president i Kenya

Raila Odinga sverger ved bibelen i Uhuru Park.

Utdanninga si fekk han i Aust-Tyskland. Etter at han vende heim engasjerte han seg politisk, og det skulle skaffe han masse trøbbel. For Odinga kjempa mot Daniel Arap Moi sitt eittpartistyre i Kenya.

Odinga vart fengsla, og då han slapp ut etter seks år, i 1991, frykta han for livet sitt. Han flykta til Uganda, og enda etter kvart opp på eit fly mot Noreg, kor han var i eksil nokre månader i 1991.

Han vende raskt tilbake til Kenya, og har sidan den gong vore blant landets viktigaste politikarar.

Får Odinga hjelp frå Kenyas kvinner?

Sidan 2002 har Kenya vore eit land der fleire parti har reell moglegheit til å vinne val. Odinga har forsøkt heilt sidan den gong å bli president. No kan det skje. 77-åringen ligg betre an enn nokon gong.

Nokre av Odingas viktigaste saker er å få orden på økonomien. Han seier han vil stanse korrupsjon, som er og har vore eit problem i Kenya i mange år. Landet har også opparbeida seg mykje gjeld etter store investeringar dei siste åra.

I tillegg til å få økonomien på rett kjøl, har Odinga ambisjonar om å sikre eit betre offentleg helsetilbod til alle kenyanarar.

Valplakat med Raila Odinga og Martha Karua

Kenya kan få den første kvinnelege visepresidenten. Martha Karua går til val saman med Raila Odinga.

Foto: YASUYOSHI CHIBA / AFP

Då han samla sine støttespelarar på ein svær stadion denne helga lova han at, om han vinn valet, skal alle kenyanske familiar som lever under fattigdomsgrensa få økonomisk hjelp. Det betyr utbetalingar på 490 kroner kvar månad.

Kanskje har Odinga gjort eit sjakktrekk ved å velje Martha Karua som sin visepresidentkandidat.

Den tidlegare justisministeren, kjend for å vere ein tøff politikar, kan bli Kenyas første kvinnelege visepresident. Kanskje kan ho hauste mange kvinnelege stemmer.

Ruto – den omstridde rikmannen

Odinga har fleire motkandidatar, men det er William Ruto som ligg nærast på målingane.

Ruto er ein rik forretningsmann som også er ein omstridd politikar. Han vert stadig skulda for korrupsjon, og mange meiner at det er umogleg at selskapa hans kan ha gjort han så rik som han er.

Han er dømd ei gong, og hans visepresidentkandidat fekk nyleg også ein korrupsjonsdom mot seg. Men sjølv påstår Ruto at han er mot all korrupsjon.

William Ruto vinker til sine tilhengarar.

William Ruto håper å kunne slå Raila Odinga i kampen om det politiske toppvervet i Kenya.

Foto: MARCO LONGARI / AFP

Ruto måtte også møte i retten etter valet i 2007. Han stod skuldig for å ha oppmoda til drap, plyndring og vald og måtte møte i Den internasjonale straffedomstolen i Haag. Saka vart lagt til sides fordi viktige vitne trakk sine forklaringar.

Rutos politiske karriere var derfor ikkje død, og no stiller han som presidentkandidat for første gong.

Kjem Ruto seg inn i manesjen igjen?

Ved valet for fem år sidan var han visepresidentkandidaten til Uhuru Kenyatta. Men han har likevel ikkje presidentens tillit og støtte ved årets val. Ruto vart sett på sidelinja etter at Kenyatta og Odinga starta eit samarbeid i 2018.

Ruto kunne fortsette som visepresident, fordi grunnlova sikra at han fekk behalde jobben, men han kan likevel profilere seg som ein opposisjonspolitikar som ikkje har ansvar for politikken dei siste åra.

Les også Kenyas visepresident går fri fra domstolen i Haag

William Ruto er på plass i Haag

Det utnyttar Ruto. Han meiner planane som eksisterte for fem år sidan ikkje har blitt gjennomført. Hans plan no er å skape industriarbeidsplassar for å få ned arbeidsløysa i Kenya. Han vil også styrke landets jordbrukssektor.

Ruto snakkar mykje om «bottom-up», som betyr at han ønskjer ein politikk som styrkar dei som jobbar lengst nede i kenyansk økonomi. Tanken er at det å styrke gründarar og småbedrifter skal skape vekst og ein solid økonomi.

Silhuetten av ein politikar framfor eit folkehav med tillyttarar.

Valkampen har gått føre seg ei stund. Tysdag denne veka er det valdag i Kenya.

Foto: PATRICK MEINHARDT / AFP

Ventar få endringar

Verken Ruto eller Odinga representerer store endringar i kenyansk politikk. Fattigdom og korrupsjon er vedvarande utfordringar. Og eliten i landet er framleis rike, mens gjennomsnittet av folket er fattige.

Difor er det sannsynleg at den pågåande inflasjonen vil bli eit tema for den som vinn presidentvalet i Kenya. Fleire matvarer har auka kraftig i pris på kort tid. Drivstoffprisane i verda gjer også transport dyrare.

Les også NRK vitne til grov vold i forbindelse med presidentinnsettelsen

Med ein stadig aukande utanlandsgjeld, spesielt til Kina, blir økonomi eit viktig og vanskeleg tema.

Tal frå sentralbanken i Kenya viser at landet, under Kenyatta si regjeringstid, har gått frå cirka 243 milliardar kroner i gjeld i 2013, til rundt 700 milliardar kroner i fjor.

Så sjølv om Odinga akkurat no ligg an til å oppnå draumen sin, så kan han få ein marerittstart på sin første periode som Kenyas president, om han vinn.

  • Høyr Tomm Kristiansen fortelje om ein annan kenyanar som stiller til val denne veka. Koigi wa Wamvere vil no bli senator, men han har ei fortid der han i mange år budde som politisk flyktning og familiefar på Kolbotn.
Få visste at Koigi wa Wamwere, familiemannen fra Kolbotn, var Kenyas samfunnsfiende nummer én og at regimet mistenkte ham for å planlegge statskupp.

SISTE NYTT

Siste nytt