NRK Meny
Normal

Kennedy - USAs kongefamilie

Det har vorte sagt at Kennedy-slekta er det nærmaste USA kjem ein kongefamilie. No er nok eit kapittel slutt i den dramatiske historia til familien.

Familiebilete av Kennedy-slekta i 1937.

Frå venstre Joseph, Rose, Patricia, John, Jean, Eunice, Robert, Kathleen, Edward, Rosemary og Joseph Jr.

Foto: - / AFP

Med Edward Kennedy sin død er det slutten på den generasjonen av familien som meir enn nokon andre har prega amerikansk politikk etter andre verdskrigen.

Det har vore sagt at det kviler ei forbanning over Kennedy-familien. Brå død og andre tragediar har ramma denne familien ved mange høve.

Les også: - Eit amerikansk ikon er borte

Les også: Kennedys vanskelige brev om sin egen etterfølger

Frå Irland

Dette biletet av John F. Kennedy er teke 2. november 1962.

Dette biletet av John F. Kennedy er teke 2. november 1962.

Foto: AP

Det var i Irland det heile starta. Patrick Kennedy (1858-1929) flykta frå uår, krig og svolt i heimlandet til USA på slutten av 1800-talet. Sonen Patrick Joseph Kennedy (1888-1969) var den første politikaren i familien. Han var parlamentsrepresentant for Massachusetts.

Det var ein yngre bror av Patrick, Joseph (1890-1995), som vart far til dei verdskjende brørne som på kvar sin måte har dominert amerikansk politikk i etterkrigstida.

Sidan 1929 har familien sitt hovudkvarter vore Hyannis Port i Massachusetts, der Edward Kennedy døydde i heimen sin seint tysdag 25. august, lokal tid. Det var Joseph Kennedy som kjøpte den gedigne eigedomen.

Berre Jean Kennedy Smith (f. 1928) lever av dei ni borna som Joseph og Rose Kennedy fekk saman.

Spritsmugling

Joseph gifte seg med Rose Fitzgerald (1890-1995), og dei fekk i alt ni born. Han slo seg opp som industribyggjar, men det har heile tida vore rykte om at spritsmugling under forbodstida i USA var minst like viktig for å byggje opp familieformuen.

Eldstemann var Joseph Patrick Kennedy jr. (1915-1944). Han var pilot på bombefly og døydde over Den engelske kanal under andre verdskrigen.

Nest eldst var John Fitzgerald Kennedy (1917-1963), mannen som skulle bli den mest kjende av dei alle. Han hadde ei kometaktig politisk karriere, og ved valet i 1960 vart han vald til president i USA.

Han vart drepen i eit attentat i Dallas i Texas 22. november 1963.

Udatert arkivbilete av Robert Kennedy

Udatert arkivbilete av Robert Kennedy.

Foto: AP

Den yngre broren Robert var justisminister i John F. Kennedy si regjering, og han vart skoten og drepen i Los Angeles 6. juni 1968. Då var han på god veg til å bli Det demokratiske partiet sin presidentkandidat.

Yngstemann Edward Kennedy (1932-2009) skulle ta over den politiske arven etter dei avdøde brørne, og han vart innvald i Senatet første gong som 30-åring. Sidan har han representert heimstaten Massachusetts i Senatet heilt fram til han døydde 25. august 2009.

Chappaquiddick

Chappaquiddick-ulukka skadde Edward Kennedy sitt rykte.

Chappaquiddick-ulukka skadde Edward Kennedy sitt rykte.

Foto: AP

I 1969 var Edward Kennedy ute og køyrde bil ein sein kveld i Chappaqiddick. Med seg i bilen hadde han ein ung kvinneleg valkampmedarbeidar, og dei køyrde utfor vegen og ut i sjøen.

Kvinna omkom, medan Kennedy greidde å symje i land. Han varsla ikkje om ulukka før dagen etter.

Det har vore spekulert i om Edward Kennedy var alkoholpåverka då ulukka skjedde, men han vart aldri dømd for noko. Men ryktet hans fekk seg ein alvorleg knekk, og hendinga var med på å setje fart i rykta som fortalde om forbanninga som kviler over slekta.

Dei tre brørne har alle vore kjende for sine kvinnehistorier. Både John F. og Robert Kennedy skal ha hatt eit forhold til Marilyn Monroe, for å nemne den mest kjende brørne har blitt assosiert med.

Nye tragediar

Familietragediene har halde fram også i neste generasjon.

Sonen til John F. Kennedy, John Kennedy Jr., omkom i ei flyulukke utanfor Manhattan i New York i 1999. Han var sjølv førar av småflyet som styrta i havet.

Ein av sønene til Robert Kennedy, David Kennedy, døydde av ein overdose narkotika i 1984. Også broren hans, Joseph jr., sleit lenge med narkotikaproblem.

Nyttårsaftan 1998 omkom Michael Kennedy, ein annan av sønene til Robert Kennedy, i ei skiulukke på Aspen i Colorado.

John Kennedy Jr. gjer honnør under faren si gravferd.

Den vidgjetne biletet der tre år gamle John Kennedy Jr. gjer honnør under gravferda til faren.

Foto: F / AP

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt