Presidenten opna måndag kveld for ei potensiell «lita utsetting» av den planlagde avstemminga om ny høgsterettsdommar.
– Dersom det krev ei lita utsetting, så blir det ei lita utsetting, sa Donald Trump til reporterar utanfor Det kvite huset i Washington D.C, ifølgje NBC News.
Vil utsette høyringa
Trump har nominert Kavanaugh til å fylle det ledige dommarsetet i høgsterett. Med republikansk fleirtal i Senatet, var nominasjonen venta å gå gjennom i justiskomiteen på torsdag.
Søndag bad derimot fleire senatorar om at avstemminga burde bli utsett. Det skjedde etter at universitetsprofessor Christine Blasey Ford stod fram i Washington Post, og skulda Kavanaugh for seksuelt overgrep på 1980-talet.
Både demokratiske og republikanske senatorar sa at dei ønskte å utsette avstemminga til Ford har forklart seg.
Den republikanske senatoren Susan Collins seier at ho vil høyre kva Ford seier, for å sjølv vurdere om skuldingane ho kjem med er truverdige.
– Om dommar Kavanaugh har loge om kva som skjedde, så ville det vere diskvalifiserande, seier ho.
Må forklare seg
Måndag neste veke vert det halde ei offentleg høyring, der begge partar skal forklare seg, stadfestar leiaren for justiskomitéen i Senatet, Chuck Grassley.
– Som eg sa tidlegare, om det er nokon som står fram slik Dr. Ford har gjort, så fortener dei å bli høyrde, sa Grassley.
Den planlagde avstemming på torsdag er dermed utsett på ubestemt tid.
Republikanarane kontrollerer Senatet med 51 mot 49 stemmer. Skulle nokon av dei republikanske senatorane ikkje lenger ønskje å stille seg bak nominasjonen av Kavanaugh, risikerer Trump at kandidaten han ikkje blir godkjend.
Måndag avviste Trump spørsmål frå reporterar om Kavanaugh hadde tilbode å trekkje seg, og kalla det for«latterleg». Samtidig skildra han dommaren som «ein av dei store intellekta og eit av dei flottaste menneska», ifølgje NBC News.