Hopp til innhold

Katteliknande dyr kan vere ein ny art

Det firbeinte dyret lever på den franske øya Korsika. Den minner svært mykje om ein huskatt, og har uvanleg store tenner og breie øyre.

ghjattu-volpe

Dyret er bedøvd, og skal raskt undersøkast før det får sleppe fri att.

Foto: Pascal Pochard-casabianca / AFP

– Dette er ei fantastisk oppdaging, seier ein oppglødd Pierre Benedetti ved det franske National Hunting and Wildlife Office (ONCFS) til nyheitsbyrået AFP.

Langt inne i skogane i den nordre delen av den franske øya Korsika, opnar Benedetti og kollegaen Carlu-Antone Cecchini eit lite bur. Inne i buret ligg eit stripete, raudbrunt dyr, som liknar svært mykje på ein katt. Den er bedøvd, men skal snart få sleppe fri.

Kattedyret er 90 cm langt

Kattedyret skal settast fri så snart det vaknar, her i armane til Pierre Benedetti.

Foto: Pascal Pochard-casabianca / AFP

«Ghjattu volpe»

I dette området lever han i det fri i lag med 15 andre firbeinte, katteliknande dyr av same type. Arten har fått kallenamnet «Ghjattu volpe» på folkemunne, noko som betyr «reve-katt».

– Det er størrelsen og halen som har gitt den namnet «reve-katt» her på øya, fortel Benedetti, som har studert arten i ti år.

Ny katteliknande art oppdaga

Dyret har uvanleg store tenner samanlikna med ein vanleg katt.

Foto: Pascal Pochard-casabianca / AFP

Medan han ved første augekast liknar på ein vanleg huskatt, så har han svært breie øyre, lange tenner og korte vêrhår.

Benedetti strekker ut eit måleband for å registrere størrelsen på dyret. Den måler 90 centimeter frå hovud til halerot. Den kompakte, silkemjuke pelsen er raudbrun og svart med ringer og striper, og beskyttar den firbeinte mot lus, flått og lopper.

Skapningen måler 90 centimeter

Han måler om lag 90 centimeter frå hovud til hale.

Foto: Pascal Pochard-casabianca / AFP

Leika katt og mus i fleire år

Etter å ha forsøkt å få tak i eit eksemplar av arten i mange år, vart eitt av dyra fanga i ei hønsefelle i 2008, utan at det var meininga, fortel Benedetti.

Dyra held seg i eit område der det er vatn og mykje vegetasjon. Vegetasjonen beskyttar dei mot den største trusselen mot dei, nemleg ørn.

Den katteliknande skapningen skal snart sleppast fri

Denne skeptiske «reve-katten» har eitt brunt og eitt grønt auge. Han vart sleppt fri like etter undersøkinga var overstått.

Foto: Pascal Pochard-casabianca / AFP

Carlu-Antone Cecchini seier at dei har fanga og undersøkt 12 av dei totalt 16 oppdaga dyra som er sett i området, før dei har sett dei fri igjen.

Framleis ein mystisk skapning

– Ved å sjå på DNA, kan vi skilje dei frå den europeiske villkatten. Den er nærare den afrikanske skogkatten, men eksakt identitet har vi enno ikkje kunne slå fast. Vi håper å få anerkjent og registrert dei som ein ny art innan to til fire år og deretter frede dei, fortel han.

Men trass i at dei har undersøkt nær alle arten, er det framleis mykje meir ein ikkje veit. Blant anna veit ein ikkje kva dei et. Men Pierre Benedetti ved ONCFS har ein teori om at bøndene kan ha hatt med seg dyret til øya om lag 6 500 år f.Kr.

– Dersom den hypotesen er riktig, stammar den frå Midtausten, seier han.

SISTE NYTT

Siste nytt