NRK Meny
Normal

Katolsk prest viste fram homseporno under nattverdmøte

Ein katolsk prest i Nord-Irland har ingen aning om korleis homseporno enda opp på minnepinnen han brukte til PowerPoint-presentasjonen om nattverd.

Pater Martin McVeigh skulle halde eit informasjonsmøte for foreldra til born som skulle gjennomføre si første nattverd.

Etter at han klikka på ei mappe og eksplisitte bilete fylte skjermen, fjerna han minnepinnen frå maskina med ein gong.

– Han gav ingen forklaring eller unnskyldning til gruppa, og storma ut av rommet, seier ein av foreldra til BBC.

Presten skal ha vore synleg skaka og urolig då han oppdaga at han nettopp hadde vist fram 16 bilete av menn i ein pornografisk setting.

Presten returnerte til rommet 20 minuttar seinare, og sa ingenting om hendinga. Han haldt fram med møtet, og avslutta med å seie at borna kjem til å få mykje pengar for å gjennomføre nattverden, og oppfordra dei til å gi noko av det til kyrkja.

Presten seier til BBC at andre tilsette i kyrkja har brukt minnepinnen, og at han ønskte at det skulle bli sett i gong ein undersøking.

Kyrkjetoppen i den katolske kyrkja i Nord-Irland, Kardinal Sean Brady, seier at presten vil bli spurt ut i ein intern etterforsking.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt