Eg nærmast snublar over bygningen. Brått står den der i all si prakt, fargerik i blått, kvitt, grønt, raudt, og strekk seg opp mot himmelen.
Den kjem overraskande på meg fordi den er gøymd i ei bakgate, klemt inne av andre bygningar i gamlebyen Dali, oppe i fjella i Yunnan.
Eg trur den må væra eit gamalt lokalt tempel, for den er bygd på tradisjonelt vis, med dragar på taket, og ornamenter i alle krinkelkrokar.
Først då eg ser skiltet utanfor, forstår eg at dette er ei katolsk kyrkje, bygd i stilen til den etniske minoriteten Bai.
Italiensk
Eg er nyfiken på den katolske kyrkja, for sjølv om religion er utfordrande generelt i Kina, står katolikkane i eit spesielt vanskeleg dilemma.
I lang tid har striden stått om kven som skal ha størst lojalitet: Paven eller Kinas kommunistparti.
Like snart som eg har trådd inn porten er det ikkje lenger nokon tvil om at dette er ei kyrkje. Veggane rundt plassen utanfor bygningen er pryda med malerier med bibelske motiv.
Pianospel fyller rommet. Ved alteret står ein ung mann som introduserer seg som munk Li Petrus, og førebur til messe. Li Petrus tar ein pause i arbeidet og viser meg vennleg rundt.
Han fortel at ein fransk prest såg til at kyrkja stod ferdig i 1931. Den vart teikna av ein italienar.
Munken nikkar seg ivrig samd i at blandinga av lokale tradisjonar med det kristne kan ha gjort det lettare å få folk til å slutta seg til meinigheita.
Misjonering er forbode
Li fortel at han er frå eit anna område i Yunnan, og at han oppdaga religionen då han gjekk på katolsk kostskule i nabolandet Myanmar.
Munken peiker på ein bygning rett ved kyrkja og forklarer at den tidlegare husa ein katolsk skule.
Det var før. No er det ikkje lov med misjonering i Kina. Om Li Petrus hadde gått på skule i eige land, hadde han truleg aldri blitt katolikk.
Munken introduserer meg for den katolske faderen, Tao Zhibin. Tao ler hjarteleg når han fortel at sju prestar før han kom til Dali for å tena denne kyrkja, men alle gav opp etter kort tid, og drog derifrå.
Sjølv var han aldri i tvil. Frå første dag han kom til Dali visste han at dette skulle bli hans kall. No har han blitt verande i 23 år.
Kallet har vore krevjande av fleire grunnar. Han tener berre eitt til to tusen kroner i månaden og det er svært utfordrande å skaffa midlar til vedlikehald av kyrkjene.
Tao har ikkje lov til å forkynna utanfor kyrkja. Om nokon vil bli kristne må dei altså finna vegen dit sjølv. Det er ein skikkeleg motbakke.
Fekk svi
Likevel er han med på å bygga skular i området, i samarbeid med dei lokale styresmaktene. Eg spør om ikkje det indirekte også er misjonering, og får eit bredt smil tilbake.
– Vel, eg legg aldri skjul på kven eg er og kva eg representerer. Eg er alltid tydeleg på det. Men eg misjonerer altså ikkje, seier han.
Utanlandsk påverknad er blitt eit fy-ord i Kina. Slik kinesiske styresmakter ser det har ingen utanfrå noko med å blanda seg inn i deira interne saker. Og då er det lett for at alt med utanlandsk opphav, som fleire ulike religionar, blir uglesett.
Tao veit kva det kan innebera. Han kjem frå ein familie som har vore katolikkar i generasjonar.
Heimbygda ligg på grensa til Vietnam, og for meir enn eit hundre år sidan fann misjonærar villig vegen dit via den nye jernbanen bygd av den franske kolonimakta.
Familien til Tao kom frå fattige kår, men katolisismen opna dører til ei ny verd. Fleire i familien fekk god utdanning, og reiste utanlands.
Tao hevdar at den etniske minoriteten Miao, som han høyrer til, lett tar til seg nye tankar og idear.
Familien skulle få svi for det.
Konfiskerte
Då Kinas kommunistiske styre tok over makta i 1949 blei prestar forfølgd, og i 1966 byrja ti intense år med kulturrevolusjon og antireligiøse kampanjar.
Kyrkja sine eigedommar blei konfiskerte, og Fader Tao har brukt heile sitt virke på forhandlingar om å få dei tilbake.
Han har klart det for kyrkja i Dali, men framleis manglar 70 prosent av eigedommane bispedømmet eingong hadde.
Kristne blei den gongen ikkje berre tvungne til å venda ryggen til eiga tru, men trusfelle både tysta på eigne prestar, og gjekk til fysiske åtak på dei.
Tao fortel at også ein av onklane hans, som var prest i heimbygda, blei satt i fengsel, og det tok tjue år før han kom ut. Andre prestar blei tvungne til å gifta seg, for å prova at dei var vendt tilbake til eit sekulært liv.
Presten i Dali meiner det var verst då kinesarane i forkant av kulturrevolusjonen fekk i oppdrag å reinsa tankane sine. Då blei bestemora hans torturert og døydde, fordi ho var katolikk.
Over og ut
Trass i desse påkjenningane blei Tao Zhibin døypt så snart det let seg gjera i 1983, då kyrkjene fekk opna igjen. Då var han tretten år gamal.
No var forholdet mellom Vatikanet og dei kinesiske styresmaktene for lengst over og ut. Kina danna si eiga katolske kyrkje, der dei kristne måtte vere lojale til kinesiske styresmakter.
Katolikkar som var lojale til paven gjekk under jorda, og risikerte forfølging og straff.
Det var enten eller.
Tao valde seg den Kina-godkjende kyrkja, og er positiv til at Vatikanet i 2018 endeleg inngjekk ei omstridt avtale med Kommunistpartiet, og i fjor gjekk med på å utvida den i to år.
Ifølgje avtala anerkjenner paven alle biskopane som er blitt utpeikt av kinesiske styresmakter, og som Vatikanet tidlegare har vendt ryggen. Kina godkjenner på si side at paven skal ha det siste ordet når nye biskopar blir valt.
Kritikarar meiner at dette er eit svik mot undergrunnskyrkjene som har utgjort halvparten av Kinas tolv millionar katolikkar. Dei har jo i fleire tiår lidd for sin lojalitet til paven.
Tao trur det no endeleg er mogleg å stå samla for framtida.
Mirakel
Truleg har Pave Francis, som er den første jesuitten i ei slik rolle, studert korleis katolisismen tidlegare har oppnådd spelerom i Kina.
I 1601 blei nemleg jesuitten Matteo Ricci den første europear som fekk sleppa inn i Den forbodne staden i Beijing. Han fekk omvendt fleire høgtståande tenestemenn. Det klarte han ved å adoptera fleire kinesiske skikkar. Han til og med kledde seg som dei.
Det kunne kinesarane leva med, men då paven eit hundre år seinare fordømte lokale skikkar, spesielt rituala som heidra dei døde, blei keisaren rasande og sende alle misjonærane på dør.
Ei slik tautrekking har det altså alltid vore mellom Kina og Vatikanet.
Innanfor kyrkja i Dali er det høgt under taket, og ljoset flaumar inn frå glasvindauge oppe på båe sider. Rader med tomme benkar gjev eit optimistisk inntrykk, for her er det plass fleire hundre personar.
Fader Tao har ein mindre trufast skare enn det, og fordi han ikkje får misjonera, set han si lit til at Guds vegar er uransakelege. Og nokre gonger skjer det mirakel.
Då eg var i Dali snubla også ei kvinne frå Beijing over denne kyrkja, og til Fader Tao si store glede, valde ho å la seg døypa akkurat der.