NRK Meny
Normal

Katastrofemåling for Thorning-Schmidt

Dei danske sosialdemokratane og statsminister Helle Thorning-Schmidt har lita tillit og får berre 16,5 prosent tilslutnad i ei ny måling.

Statsminister Helle Thorning-Schmidt

Danmarks statsminister og partileiar for Socialdemokraterne Helle Thorning-Schmidt har berre støtte frå 16,5 prosent av veljarane - eitt år etter valet.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Katastrofemålinga kjem berre eitt år etter at raud blokk vann det danske folketingsvalet, og Thorning-Schmidt tredde inn i statsministerembetet.

Ikkje sidan 1990 har partiet hatt så lita tillit blant veljarane.

– Det er pinleg for Socialdemokraterne, seier valforskar Sigge Winther-Nielsen ved universitetet i København til avisa Børsen.

– Dette viser ei grunnleggjande mistillit og misnøye med regjeringa, som er Socialdemokraternes gallionsfigurar, legg han til.

Meiningsmålinga er gjort av Greens Analyseinstitutt for avisa Børsen.

Thorning Schmidt tok over som statsminister i oktober i fjor. Ho blei ståande som ein av dei store vinnarane i valet, trass i at Socialdemokraterne gjorde sitt dårlegaste val på over 100 år men berre 24,9 prosent oppslutnad.

Målingane har lenge vist den same negative trenden for dei danske sosialdemokratane.

– Opplever identitetskrise

Politisk kommentator Erik Meier Carlsen har tidlegare peika på utlendingspolitikken som ei viktig årsak til den dalande oppslutnaden. I tillegg opplever Socialdemokraterne ei identitetskrise, meiner han:

– Dei er i krise av mange grunnar. Men ein stor del kan forklarast med identitetstap ved at partiet ikkje lenger framstår som eit reindyrka arbeidarparti som arbeidarane kan identifisera seg med.

Det forklarte Meier i august, då undersøkingar viste at kvar tredje veljar med arbeidarbakgrunn i Danmark hadde vendt ryggen til sosialdemokratane sidan folketingsvalet i fjor.

I 2011, året før Thorning-Schmidt blei statsminister, blei partileiaren og ektemannen hennar skulda for skattefusk.

Dei blei frikjende same året, men i desse dagar er skattesaka tilbake i offentleg søkjelys, ettersom Skattekommisjonen granskar lekkasjen av skatteopplysningane til media, og om politikarar forsøkte å påverka handsaminga av skattesaka mot den dåverande opposisjonspolitikaren.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt